Even Sapir

From Wikipedia, the free encyclopedia

Even Sapir
Remove ads

Even Sapir (hebraisk skrift אֶבֶן סַפִּיר) er ein moshav i utkanten av Jerusalem i Israel. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 679.[1]

Kjappe fakta Land, Region ...

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå Kurdistan. Han vart kalla opp etter Even Sapir, ei bok skriven i 1864 av Yaakov Halevi Sapir, ein rabbi og sendebod frå Jerusalem.[2] Boka skildrar reisa hans til Jemen på 1800-talet.[3]

I følgje ei anna kjelde er moshaven kalla opp etter Pinchas Sapir, ein finansminister i Israel, som oppfordra jødiske forretningsmenn frå diasporaen til å investere i Palestina og den gryande staten.[4]

Nord for moshaven ligg Johannes i villmarka-klosteret og ei grotte som er knytt til Johannes døyparen.[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads