Everywhere av Fleetwood Mac
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Everywhere» er ein singel av det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac frå albumet Tango in the Night, skriven av Christine McVie som òg syng solovokal på songen.
Remove ads
Bakgrunn
«Everywhere» vart gjeven ut på singel i Storbritannia den 24. februar 1988 og nådde fjerdeplassen der. I USA vart han gjeve ut tidlegare, den 28. november 1987 og nådde 14. plassen på Billboard Hot 100-lista og førsteplassen av adult contemporary-lista, der han låg i tre veker.[1] Singelen nådde òg 45. plassen i Australia.
Etter at songen vart nytta i ein reklame for det britiske mobilselskapet 3,[2] gjekk songen inn att på UK Singles Chart og nådde då 15. plassen i mars 2013. Som følgje av denne nye suskessen, vart songen med på samleplata Now That's What I Call Music! 84 i mars 2013[3] i tillegg til samlealbumet The Hits Album 8 i juli 1988. Singelen har seld til sølvplate i Storbritannia for digitale sal i overkant av 200 000.
Ein 12-tommars singel vart òg gjeven ut med ein lengre dance-versjon og ein dub-versjon. «Everywhere» var òg den første singelen til bandet som vart gjeven ut på CD. Alle formata inneheldt B-sida «When I See You Again», frå albumet Tango in the Night. 12"-formatet inneheld ein lengre miks av «Everywhere» og CD-singelen inneheld bonusspora «Rhiannon» og «Say You Love Me» frå albumet Fleetwood Mac frå 1975.
Videoen til songen er ei framsyning av diktet The Highwayman av Alfred Noyes. Det finst to versjonar av videoen, ein med soga i blanda klipp av bandmedlemmane, og eit utan klipp av bandmedlemmane.
Remove ads
Innhald
- 12" UK single (Warner Brothers Records W8143T)
- «Everywhere» (extended version) – 5:40
- «Everywhere» (LP version) – 3:48
- «Everywhere» (dub) – 3:50
- «When I See You Again"
Lister
Andre versjonar
- I 1996 spelte Chaka Khan inn songen for samlealbumet Epiphany: The Best of Chaka Khan, Vol. 1
- I 2000 sampla den engelske gruppa S Club akkompangementet for songen deira «Summertime Feeling» frå albumet Sunshine.
- I 2004 vart ein dance-versjon gjeven ut av elektronikabandet Climax.[12]
- I 2005 vart songen spelt inn av den australske gruppa Moustache, med songaren Melinda Jackson. Denne versjonen er ein house-versjon som nådde 19. plassen i Australia.[13]
- Songen vart spelt inn av Vampire Weekend
- Hot Chip spelte songen som ein del av ein medley med songen deira «Hold On» på somme av konsertane deira.
- Electric Six spelte inn songen på coveralbumet Mimicry and Memories (2015) etter å ha spelt songen på konsertar fleire gonger.[14]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads