Family Man av Fleetwood Mac

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Family Man» er ein song av Fleetwood Mac frå albumet deira Tango In The Night i 1987. Han vart skriven av Lindsey Buckingham og Richard Dashut. I USA vart songen gjeven ut som den femte singelen frå abumet, som oppfølgjaren til «Everywhere». Singelen gjekk inn på salslista i mars 1988 og nådde 90. plassen på Billboard Hot 100.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I Storbritannia vart han gjeven ut som den fjerde singelen, etter «Little Lies», og gjekk inn på 91. plassen der den 19. desember 1987, og nådde til slutt 54. plassen den 19. januar 1988. «Family Man» vart gjeven ut som ein spesiell, avgrensa boks med 7-tommarssingelen og to bilete av Susan Young og Christine Tongue. 12-tommarsversjonen inneheldt fleire miksar av «Family Man», i tillegg til albumsporet «You and I, Part 2».

Songen finst òg på samlealbumet «The Very Best of Fleetwood Mac».

Remove ads

Innhald

12" US single (Warner Brothers Records 0-20842)

  1. «Family Man» (Extended Vocal Remix) 8:30
  2. «Family Man» (I'm A Jazz Man Dub) 8:52
  3. «Family Man» (Extended gitar Remix) 6:26
  4. «Family Party» (Bonus Beats) 4:36
  5. «Down Endless Street» 4:24

Lister

Meir informasjon Liste (1987), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads