Tango in the Night

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tango in the Night er det 14. studioalbumet til det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac. Det kom ut i april 1987 og var det femte albumet med den mest suksessrike besetninga av bandet med Lindsey Buckingham, Stevie Nicks, Christine McVie, John McVie og Mick Fleetwood.[1]

Meir informasjon Fleetwood Mac-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet var produsert av Buckingham med Richard Dashut og Tango in the Night vart først starta som eit soloprosjekt for Buckingham, men i 1985 hadde prosjektet blitt til det neste albumet av Fleetwood Mac. Det inneheld fleire hitsinglar, som «Big Love», «Seven Wonders», «Everywhere» og «Little Lies». Albumet har selt over 15 millionar eksemplar verda over.

Remove ads

Historie

Tango in the Night er det nest mestseljande albumet til bandet[4] etter den enorme suksessen til Rumours, som kom ut 10 år tidlegare. Albuma som kom i mellom, Tusk (1979) og Mirage (1982), hadde selt godt, men ikkje oppnådd same suksess som forgjengarane. Tango in the Night og singlane frå albumet vart hittar verda over. «Little Lies» og «Everywhere» vert særskild rekna som klassiske hittar frå slutten av 80-åra og finst på mange samlealbum for 1980-åra.[5]

Albumet vart ein suksess i USA og debuterte på 43. plassen på Billboard Top 200 Album-lista, og klatra til slutt til ein sjuandeplass, der det låg i tre veker. Det låg meir enn sju månader inne på topp 20 og meir enn ti månader inne på topp 40, og selde til trippel platina for 3 000 000 selde eksemplar.[6] Fire av singlane frå albumet nådde Billboard Top 20: «Big Love» (#5), «Little Lies» (#4), «Everywhere» (#14) og «Seven Wonders» (#19).[1] Albumet vart særleg ein suksess i Storbritannia der det låg på toppen av albumlista tre gonger i 1987-1988 i totalt fem veker, og det låg meir enn åtte månader inne på topp 10. Det vart det sjuande mestseljande albumet i Storbritannia i 1980-åra, og selde til 8x platina (2,4 millionar eksemplar),[7] og er framleis eit av dei 100 mestseljande albuma i Storbritannia gjennom tidende.[4] Tre singlar frå albumet nådde topp 10 i Storbritannia: «Big Love» (#9), «Little Lies» (#5) og «Everywhere» (#4). I alt vart det gjeve ut seks singlar frå albumet over ein periode på 15 månader.[1] Albumet låg i alt 115 veker inne på topp 75 på UK Album Chart.[8]

Tango in the Night er så langt det siste studioalbumet med den «klassiske» besetninga av Fleetwood Mac, som bestod av Lindsey Buckingham, Stevie Nicks, Christine McVie, John McVie og Mick Fleetwood, før Buckingham slutta i bandet sommaren 1987. Denne besetninga har kome saman att i seinare tid for konsertar og turnear, som då dei framførte «Don't Stop» for den nyvalde amerikanske presidenten Bill Clinton i 1993 og konsertturneen The Dance i 1997 og verdsturneen deira i 2014-2015.

Då Buckingham slutta i bandet, kort tid før dei skulle ut på turne i 1987, vart to musikarar henta inn for å erstatte han: Rick Vito og Billy Burnette, som fullførte turneen i 1987-1988 med resten av bandet.

Plateomslaget til albumet var eit måleri av den australske kunstnaren Brett-Livingstone Strong, som hang i heimen til Buckingham. Det er ei hyllest til den franske målaren Henri Rousseau, og etterliknar det fargerike jungeltemaet hans. Det vart òg nytta som plateomslag for den første singelen deira «Big Love».

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Fleetwood Mac

Produksjon

  • Produsentar: Lindsey Buckingham, Richard Dashut
  • Arrangement: Lindsey Buckingham
  • Lydteknikar: Greg Droman
  • Plateomslag - konsept: Lindsey Buckingham, Richard Dashut
  • Måleri: Brett-Livingstone Strong
  • Fotografi: Greg Gorman
  • Kunstnarisk leiar: Jeri Heiden

Lister

Meir informasjon Liste (1987–88), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads