Eye in the Sky
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eye in the Sky er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet The Alan Parsons Project, gjeve ut i juni 1982 på Arista Records. I 1983 vart albumet nominert til Grammyprisen for beste lydteknikar.
Remove ads
Oversyn
Songane på dette albumet har mange forskjellige stilar, frå funky til lyriske og tungt orkestrerte. Omslaget vart laga av Hipgnosis og er grønt med eit bilete av Horusauget. Det vert ofte oppført som det bestseljande albumet til The Alan Parsons Project og det vart den siste platinaplata dei fekk i USA.[2]
Songarar på albumet er Eric Woolfson, David Paton, Chris Rainbow, Lenny Zakatek, Elmer Gantry og Colin Blunstone.
Eye in the Sky inneheld den største hitten til the Project, tittelsporet med solovokal av Eric Woolfson. Sjølve albumet vart òg ein stor hit og nådde topp 10 i mange land, og somme stader gjekk det heilt til topps.[3]
Eye in the Sky er det første av tre album dei spelte inn med analogt utstyr og miksa direkte til ein digital master.[4]
Albumet opnar med de instrumentale «Sirius», som i Nord-Amerika har blitt knytt til idrett i mange samanhengar. Han er kanskje nærast knytt til Chicago Bulls som brukte musikken då dei entra banen i 1990-åra.[5] «Sirius» glir rett over i «Eye in the Sky».
1. desember 2017 kom det ut ei 35-årsjubileumsutgåve av albumet i ein plateboks. Alan Parsons fekk hjelp av Dave Donnelly og PJ Olsson og laga ein kringlydversjon av albumet. For dette vann dei Grammyprisen for «Best Immersive Audio Album» i 2019.[6]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Alan Parsons og Eric Woolfson
Remove ads
Medverkande
- Chris Rainbow: solovokal (spor 4)
- Lenny Zakatek: solovokal (spor 6 & 9)
- Elmer Gantry: solovokal (spor 7)
- Eric Woolfson: klaverinstrument, solovokal (spor 2, 5, 12 & 14)
- Colin Blunstone: solovokal (spor 10)
- The English Chorale: korvokal
- Alan Parsons: klaverinstrument, Fairlight programmering, vokal
- David Paton: akustisk, elektrisk & bassgitar, solovokal (spor 3)
- Ian Bairnson: akustisk & elektrisk gitar
- Mel Collins: saksofon
- Stuart Elliott: trommer, perkusjon
Salslister
Salstrofé og salstal
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads