Fairport Convention av Fairport Convention
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fairport Convention er debutalbumet til Fairport Convention. Bandet vart danna i 1967 med den originale besetninga Judy Dyble og Ian MacDonald (seinare kjend som Iain Matthews) (vokal), Richard Thompson og Simon Nicol (gitarar), Ashley «Tyger» Hutchings (bass) og Sean Frater, erstatta etter den første konserten av Martin Lamble (trommer). Med denne besetninga gjorde dei den første store konserten sin i London på ein av Brian Epstein sine søndagskonsertar i Saville Theatre.
Med rock sterkt påverka av dei to første albuma til Jefferson Airplane (i motsetnad til den tradisjonelle engelske folkrocken dei seinare skulle verte kjende for) inneheld debutalbumet songar av Emitt Rhodes, Bob Dylan, Joni Mitchell, Jim & Jean, og ei tilpassing av eit dikt av George Painter, samt nokre originale songar.
Dette er den einaste Fairport Convention-plata med Judy Dyble. Ho vart erstatta i 1968 av Sandy Denny, men ho klarte å gjere seg merka den korte tida ho var i bandet, særleg sidan ho strikka oppvasklutar på scenen når ho ikkje faktisk song.[2]
Albumet må ikkje forvekslast med Fairport Convention på A&M Records, som er den amerikanske utgjevinga av det andre britiske albumet deira, What We Did On Our Holidays. Det første albumet vart omsider gjeven ut i USA på Cotillion Records i 1970.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Judy Dyble - solovokal, elektrisk og akustisk autoharpe, blokkfløyte, piano
- Ian MacDonald - solovokal, munnspel
- Richard Thompson - vokal, sologitar, mandolin
- Simon Nicol - vokal, elektrisk 12- og 6-strengs og akustiske gitarar
- Ashley Hutchings - bassgitar, krukke, kontrabass
- Martin Lamble - perkusjon, fiolin
med
- Claire Lowther - cello
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads