Farse til mat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Farse til mat
Remove ads

Farse er ei blanding av fleire ingrediensar som kan nyttast til vidare matrettar.[1] Kjøtfarse eller fiskefarse er ei blanding av hakka eller male kjøt eller fisk og egg, mjøl, mjølk og krydder. Farse blei opphavleg brukt til å farsera, eller fylla, med. Farse var ikkje utbreidd utanfor dei større kjøkkena før kjøtkverna blei innført på slutten av 1800-talet.[2]

Thumb
Dans frikadellefarse (her under innleiande steiking).

Ein kan laga vegansk eller vegetarisk med kikerter, soya eller ulike kjøterstattingar, og med soya-, ris- eller havremjølk i staden for mjølk.[3]

Remove ads

Ordsoge

Ordet kjem over fransk farce frå latin farsum som betyr ‘fyll’, og frå verbet farcire, som betyr ‘å stoppa’ eller ‘å fylla’. Tradisjonelt har farse vore brukt som fyll i fjørfe og posteiar.[4]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads