Ingrediens

stoff som er del av ei blanding From Wikipedia, the free encyclopedia

Ingrediens
Remove ads
Remove ads

Ingrediens (av latin ingredi, ‘inngå’) er ein del av ei blanding til å laga noko,[1] og viser særleg til dei ulike fødevarene i matlaging og matoppskrifter. Ingrediensar kan ha ulike funksjonar, som å gjera måltidet meittande, påverka smak, tekstur eller utsjånad. Nokre ingrediensar kan vera vanlege og reknast som basismatvarer, andre kan vera eksklusive delikatesser.

Thumb
Ingrediensar til den senegalesiske retten gnankatang.
Thumb
Ingrediensar til den maltesiske retten kusksu.

Ein analyse av ingrediensbruk i 56 000 matoppskrifter frå ulike kulturar viste at ein ofte kombinerer ingrediensar som har ulike eigenskapar, til dømes med ulike smaksstoff.[2]

Mat som er til sals skal etter fleire lovverk merkast med kva ingrediensar dei inneheld. Ofte, som i Noreg, skal ein føra dei opp i fallande vektrekkjefølgje, slik at den tyngste står fyrst. Det er også kome til krav om å merka stoff som kan framkalle allergi eller intoleranse spesielt.[3]

Remove ads

Ingrediensar

  • Feitt er hovudbestanddel i desse fødevarene, i tillegg til ev. vatn:
Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads