Felix Baumgartner

From Wikipedia, the free encyclopedia

Felix Baumgartner
Remove ads

Felix Baumgartner (fødd 20. april 1969 i Salzburg) er ein austerriksk fallskjerm- og BASE-hoppar. Han er kjend for spesielt farlege stunt han har utført karrieren sin. I det austerrikske militæret nytta han tida til å praktisere fallskjermhopping, inkludert å lande på små område. Under det siste prosjektet Red Bull Stratos, der han sette tre av dei mange verdsrekordane sine, vart han frakta opp til stratosfæren i ein heliumsballong, for så å hoppe attende til jorda.

Kjappe fakta

14. oktober 2012 sette han verdsrekord for høgaste ballongferd med mannskap (39 045 m), høgaste fart under fritt fall (1 342 km/t) og fallskjermhopp frå høgaste høgd (39 045 m) då han hoppa til jorda frå ein heliumsballong i stratosfæren.[1][2] Han sette òg rekord på nettstaden YouTube då åtte millionar menneske såg hoppet direkte.[3]

Remove ads

Biografi

Baumgartner vart fødd 20. april 1969 i Salzburg i Austerrike.[4]

I 1999 sette han verdsrekord for høgaste fallskjermhopp får ein bygning då han hoppa frå Petronas Towers i Kuala Lumpur i Malaysia.[5] 31. juli 2003 vart Baumgartner den fyrste personen til å hoppe i fallskjerm over Den engelske kanalen med ein spesiallaga karbonfibarvinge.[6] Han har òg sett verdsrekord for det lågaste BASE-hoppet nokonsinne, då han hoppa 95 meter frå handa til Kristusstatuen i Rio de Janeiro i Brasil.[7]

27. juni 2004 vart han den fyrste personen som BASE-hoppa frå Millau Viaduct i Frankrike[treng kjelde], og den fyrste personen som hoppa i fallskjerm frå Turning Torso i Malmö i Sverige 18. august 2006.[8] 12. desember 2007 vart han den fyrste personen som hoppa frå Taipei 101 i Taiwan, som då var den høgaste bygningen i verda.[9][treng kjelde]

Remove ads

Red Bull Stratos

For meir om dette emnet, sjå Red Bull Stratos.

I januar 2012 vart det rapportert at Baumgartner arbeidde med ei gruppe forskarar og sponsoren Red Bull for å sette rekord i fallskjermhopp frå høgaste høgd..[10] Baumgartner hadde problem med klaustrofobi etter å ha sitte i ein spesiallaga dress, men fekk hjelp frå ein idrettspsykolog og andre spesialistar.[11]

Baumgartner skulle opphavleg hoppe 9. oktober 2012, men turen vart broten av på grunn av vind. Hoppet vart dimed utsett til 14. oktober. Han landa i det austlege New Mexico i USA etter å ha hoppet frå ei høgd 39 045 meter.[11][12] I tillegg sette han rekord for høgaste ballongferd med mannskap i same høgd og høgaste fart under fritt fall på 1 342 kilometer i timen, noko som gjer han til det fyrste menneske som bryt lydmuren utan hjelp frå eit køyretøy.[13][14] Baumgartner var i fritt fall i fire minutt og 20 sekund, 16 sekund kortare enn då Joseph Kittinger, som hadde den tidlegare verdsrekorden, hoppa i 1960.[13]

Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads