Felix Gottwald

From Wikipedia, the free encyclopedia

Felix Gottwald
Remove ads

Felix Gottwald (fødd 13. januar 1976) er ein austerriksk, tidlegare kombinertløpar frå Zell am See i forbundslandet Salzburg. Mellom 1997 og 2001 vann han 18 medaljar (6-3-9) i ulike verdsmeisterskap på ski og i vinterolympiadar. Halvparten av medaljane oppnådde han i indidividuelle øvingar; eitt gull, to sølv og seks bronsar. Gottwald vann 23 renn i verdscupen, og sikra seg kombinertpokalen for 2001-sesongen.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Gottwald fekk sin fyrste VM-medalje då han i ski-VM 1997 i Trondheim var med på Austerrikes lag som tok bronse i lagtevlinga. Fire år seinare vart det sølvmedaljar på Gottwald og Austerrike i lagtevlinga i ski-VM i Lahti, der han kapra bronsemedaljen i normaløvinga.

Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City hamna Gottwald på tredjeplass i begge dei individuelle øvingane, og var dessutan med på laget som vart nummer tre i lagtevlinga. Året etter, i verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i 2003, tok Gottwald medalje i alle tre kombinertøvingae. Han fekk medaljar av kvar valør; gull i lagtevlinga saman med Michael Gruber, Wilhelm Denifl og Christoph Bieler, sølv i normaløvinga og bronse i halvprogrammet (sprint).

I verdsmeisterskapen i Oberstdorf i 2005 fekk Gottwald to bronsemedaljar; ein i normaløvinga og ein i lagtevlinga. Høgdepunktet for Gottald kom då han vart olympisk meister i sprint (halvprogram) og i lagtevlinga i Torino, samt tok sølvet i normaløvinga.

Gottwald vann sitt tredje OL-gull då han i Vancouver 2010 atter var mellom dei fire utvalde austerrikarane som vann lagtevlinga, dei andre på laget var Bernhard Gruber, David Kreiner og ankermannen Mario Stecher. I sitt siste internasjonale meisterskap, ski-VM 2011 i Oslo tok Gottwald ein individuell bronse, og han var med på det austerrikske laget som vann begge lagtevlingane.

Han la opp i 2011.

Verdcupsigrar

Meir informasjon Dato, Stad ...

I 2003 vart Gottwald tildelt Holmenkollmedaljen saman med Ronny Ackermann.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads