Rogen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rogenmap
Remove ads

Rogen (sørsamisk Rovje) er ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige. Den norske delen ligg i Engerdal i Innlandet og Røros i Trøndelag, og utgjer 0.85 km² av arealet til innsjøen. Resten ligg i Sverige, i vestre Härjedalen. Utløpet ligg i Noreg og når via elva Røa sjøen Femunden. Dette er det same vassdraget som Trysilelva, Klarälven og Göta älv lenger nede er ein del av.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Den norske delen ligg i Femundsmarka nasjonalpark. Òg på svensk side ligg sjøen i nasjonalpark, Rogen nasjonalpark.

Området rundt Rogen er eit særprega morenelandskap. Fenomenet finst fleire stader, men er spesielt tydeleg her, og vart tidleg skildre herfrå. Det har derfor fått namnet Rogenmorene.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads