Ferry Cross the Mersey

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Ferry Cross the Mersey» (stundom skrive Ferry 'Cross the Mersey) er ein song skriven av Gerry Marsden. Han vart først spelt inn av bandet hans Gerry and the Pacemakers og gjeven ut seint i 1964 i Storbritannia og i 1965 i USA. Det vart ein hit på begge sider av Atlanteren og nådde sjetteplassen i på singellista i USA[2] og åttandeplassen i Storbritannia.[3] Songen er frå filmen med same namn og kom ut på filmmusikkalbumet. I midten av 1990-åra vart òg ein musikal kalla Ferry Cross the Mersey som omhandlar Merseybeat-tida.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Tittelen syner til River Mersey, elv nordvest i England som flyt ut i Irskesjøen ved Liverpool.

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1965), Plassering ...

Veldedig singel for The Hillsborough Disaster Fund

I mai 1989 vart det spelt inn ein versjon av «Ferry Cross the Mersey» og utgjeven til støtte for dei råka av Hillsborough-katastrofe, der 96 fotballfans mista livet månaden før. Songen vart spelt inn av Liverpoo-artistane The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden og Stock Aitken Waterman. Singelen låg tre veker på toppen av den britiske singellista[4] og den irske singellista i to veker.

Salslister

Meir informasjon Liste (1989), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • Frankie Goes to Hollywood spelte inn ein versjon av «Ferry Cross the Mersey» for B-sida til 12"-singelen «Relax», i oktober 1983.[13] Denne kom så ut på albumet deira Welcome to the Pleasuredome (1984).
  • I 1983 gav den norske gruppa Vazelina Bilopphøggers inn ein versjon av «Ferry Cross the Mersey» på norsk, kalla «Ferje over Mjøsa» for albumet På tur.
  • Den kanadske musikaren Burton Cummings (frå The Guess Who) gav ut sin eigen versjon av songen i 1996 på konsertalbumet Up Close and Alone.
  • I 2003 inkluderte Pat Metheny ein versjon av songen på det akustiske albumet One Quiet Night.
  • I 2008 gav det norske bandet Farmers Market ut ein bulgarsk versjon kalla «Lodtschitze mini maritza», for albumet Surfin' USSR.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads