Gross Fiescherhorn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gross Fiescherhorn er eit fjell på 4049 meter i Bern-Alpane i Sveits. Nær ved ligg det litt lågare Hinter Fiescherhorn (4025 m). Frå nord ligg begge fjelltoppane i skjul bak andre fjell. Lettast å sjå er dei frå landsbyen Grindelwald (1034 m).
Remove ads
Klatresoge
Fjelltoppen vart klatra fyrste gongen den 23. juli 1862 av H. B. George og Adolphus Moore, saman med fjellførarane Christian Almer og Ulrich Kaufmann. Turen gjekk langs sørvestegga, det som i dag er normalruta.
Nordsida av fjellet vart klatra i 1926. 13. august det året nådde W. Amstutz og P. von Schumacher toppen etter ei 15-timars oppstiging langs nordegga, nordgrensa av Fiescherwand.
Fyrste direkteruta opp Fiescherwand vart klatra av W. Welzenbach og H. Tillmann i 1930. Klatrarane starta oppstiginga av Fiescherwand om morgonen 5. september. Dei valde å klatre ei rute som gjekk rett mot toppen. Toppen nådde dei i kveldinga, etter ei oppstiging som varde i 12 timar.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gross Fiescherhorn» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads