Jim Broadbent
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
James «Jim» Broadbent (fødd 24. mai 1949) er ein prisløna engelsk skodespelar. Broadbent er kjend frå både teater og fjernsynsproduksjonar og er ein populær skodespelar i nyare filmar, særleg etter tusenårsskiftet.
Remove ads
Karriere
Jim Broadbent voks opp i Lincolnshire i England. Ei tvillingsyster av han døydde under fødselen. Begge foreldra hans var amatørskodespelarar; faren vart kjend for å gjera ei tidlegare metodistkyrkje om til eit teater som han oppkalla etter seg sjølv. I oppveksten gjekk han på ein kvekar-skule i Reading i Berkshire, før han tok til å studera ved London Academy of Music and Dramatic Art. Han vart uteksaminert herifrå i 1972, spelte ein del i teater før han filmdebuterte i 1978. Han har vore gift med Anastasia Lewis sidan 1987.
Jim Broadbents talent vart særleg oppdaga etter at han tok til å samarbeida med regissøren Mike Leigh i 1990. Dette samarbeidet resulterte m.a. i filmane Life Is Sweet (1990), Topsy-Turvy (1999) og Another Year (2010).[1] Han har også gjort flotte skodespelarprestasjonar i Bridget Jones-filmane, Moulin Rouge! (2001) og i rolla som professor Snilehorn i Harry Potter-filmane. I filmen Iris (2001) spela han den engelske skribenten John Bayley, ektemannen til hovudpersonen Iris som lir av Alzheimers sjukdom. For denne prestasjonen vann han Oscar-prisen for beste mannlege birolle i 2001. Seinare har han portrettert ektemannen til Margaret Thatcher i Jernkvinnen (2011), som også leid av Alzheimer på sine gamle år. Dette er ein sjukdom som Broadbent kjenner godt, sidan hans eiga mor døydde av Alzheimer i 1995.[1]
Remove ads
Prisar og utmerkingar
- BAFTA-prisen for beste mannlege birolle i Moulin Rouge! (2001).
- Oscar-prisen for beste mannlege birolle i Iris (2001).
- Golden Globe-prisen for beste mannlege birolle i Iris (2001).
- Emmy-prisen for beste mannlege rolle i fjernsynsserien The Street (2006).
- BAFTA-prisen for beste mannlege rolle i fjernsynsfilmen Longford (2006).
- Golden Globe-prisen for beste mannlege rolle for Longford (2006).
- I 2002 vart Jim Broadbent tilbydd Den britiske imperieordenen, men nekta. Han grunngav dette med at det britiske imperiet ikkje var noko han ønskte å "feira", og at det fanst folk som ville fortena ordenen meir enn skodespelarar.
- Jim Broadbent har også vorte nominert til Grammy-prisen (2004) for å ha lese inn Ole Brumm på plate.
Remove ads
Utvald rolleliste
- 1981: Time Bandits - Compere
- 1987: Superman IV: The Quest for Peace - Jean Pierre Dubois
- 1990: Life Is Sweet - Andy
- 1994: Bullets Over Broadway - Warner Purcell
- 1995: Richard III - Hertugen av Buckingham
- 1997: Frøken Smillas fornemmelse for snø - Dr. Lagermann
- 1997: Lånerne - Pod Clock
- 1999: Topsy-Turvy - William Schwenk Gilbert
- 2001: Bridget Jones' dagbok - Bridgets far
- 2001: Moulin Rouge! - Harold Zidler
- 2001: Iris - John Bayley
- 2002: Gangs of New York - William "Boss" Tweed
- 2004: Jorden rundt på 80 dager - Lord Kelvin
- 2004: Vanity Fair - Mr. Osborne
- 2004: Vera Drake - Dommar
- 2004: Bridget Jones: På randen - Bridgets far
- 2005: Robotene - Madame Gasket (stemme)
- 2005: Legenden om Narnia - Løven, heksa og klesskapet - Professor Kirke
- 2006: Longford (fjernsynsfilm) - Lord Longford
- 2006: The Street (fjernsynsserie) - Stan McDermott
- 2007: Hot Fuzz - Frank Butterman
- 2008: Indiana Jones og krystallhodeskallens rike - Dean Charles Stanforth
- 2008: Inkheart - Fenoglio
- 2009: The Young Victoria - Kong William
- 2009: The Damned United - Sam Longson
- 2009: Harry Potter og halvblodsprinsen - Professor Horatsion E. F. Snilehorn
- 2010: Another Year - Tom
- 2011: Harry Potter og dødstalismanene - del 2 - Professor Horatsion E. F. Snilehorn
- 2011: Jernkvinnen - Denis Thatcher
- 2012: Cloud Atlas - Kaptein Molyneux / Vyvyan Ayrs / Timothy Cavendish / ...
- 2013: Le Week-End
- 2014: Big Game (2014)
- 2014: Paddington (2014)
- 2015: Brooklyn (2015)
- 2015: The Lady in the Van (2015)
- 2016: Bridget Jones's Baby
- 2017: The Sense of an Ending
- 2017: Paddington 2
- 2020: The Duke
- 2024: Paddington in Peru
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads