Finnfjord smelteverk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Finnfjord smelteverk under firmanamnet Finnfjord AS er ei norsk verksemd som produserer ferrosilisium (FeSi) og silika. Smelteverket ligg i Finnfjordbotn i Senja kommune, fem kilometer frå byen Finnsnes. Bygginga av dåverande Fesil Nord starta i 1960 og den første smelteovnen starta i mars 1962.[1] Inntil 1974 vart det brukt kvarts frå eit område ved Espejord på Dyrøya.[2]

Finnfjord Smelteverk vart grunnlagt i 1983 etter at drifta hadde vore innstilt etter at Fesil Nord gjekk konkurs i 1982.[3] Føretaket produserer ca. 100 000 tonn ferrosilisium i året og er ein av Europas største produsentar av ferrosilisium.[4] Ferrosilisium er ein føresetnad for produksjonen av stål og ulike stålprodukt. Finnfjord Smelteverk leverer òg silika, som er eit verdefullt stoff i moderne betongteknologi. Firmaet er òg i ferd med å starta levering av vassvarme, totalt potensial for lågtrykksdamp er 315 GWh/år og lågtemperatur overskotsvarme 200 GWh/år.
Kvarts frå Tana er råstoff til produksjonen.[4]
Føretaket fokuserer på forsking og utvikling og har forskingsprosjekt i samarbeid med næringsorganisasjonar som Ferrolegeringsindustriens Forskingssamskipnad (FFF) og med NTNU og SINTEF.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads