Kvarts
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvarts er eit mineral laga av silisiumdioksid (SiO2). Mineralet er kvitt eller gjennomsiktig, men kan få farge av andre materiale. Kvarts er nest etter feltspat det mest utbreidde mineralet i jordskorpa og finst både i magmatiske bergartar (granitt, granittpegmatitt o.l.), i metamorfe bergartar (gneis, kvartsitt o.l.), i sedimentære bergartar (sandstein, kvartskonglomerat) og i lausavsetningar (sand).

Foto: Ken Hammond
Remove ads
Vanleg kvarts er kvit (mjølkekvarts) eller fargelaus (bergkrystall, òg kalla dvergstein). Farga varietetar er røykkvarts eller morion (brunleg til mørkebrun), citrin (gul), ametyst (fiolett), rosenkvarts (rosa) og blåkvarts (blå). Alle desse kan brukast som smykkesteinar. Varietetar med inneslutninger er jernkisel (jernoksid), aventurin (kloritt eller glimmer) og rutilkvarts (rutil)
Rosenkvarts inneheld små mengder mangan, som gjev ein rosa farge. Rosenkvarts er kjent frå fleire granittpegmatittar i Iveland-Evje-området og til dømes Meløy i Nordland.
Ein kan bruka kvarts som råvare til å laga porselen og glas.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads