Flims
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Flims (retoromansk Flem) er ein kommune i distriktet Imboden i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 2 660 innbyggjarar (2010) og eit areal på 50 km². Kommunesenteret ligg 1081 meter over havet. Tysk er dominerande talemål i kommunen.
Flims består av landsbyen Flims (kalla Flims Dorf) og grendene Fidaz og Scheia samt Flims-Waldhaus. Flims er særleg kjend for Flims-raset, det største steinraset på jorda som er synleg. Landsbyen ligg nær ved der glideflata til raset forsvinn under dei utrausa steinmassane.

Kommunen ligg i Trin kreis. Flims ligg på ein terrasse nord for Rhinendalen, som dannar kløfta Ruinaulta her. Caumasee og Crestasee ligg sør for byen i Flimsraset.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Flims» frå Wikipedia på tysk, den 10. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- Turisme om sommaren Arkivert 2010-12-31 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads