Follebu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Follebu
Remove ads

Follebu er eit sokn og tettstad i Gausdal kommune sør i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Follebu sokn

Follebu sokn har om lag 2 400 innbyggjarar (2013), og femnar om bygdene rundt elva Gausa frå grensa i sør mot Lillehammer kommune og nordover til og med Einstad og tettstaden Segalstad bru som delest i to av soknegrensa. Det høyrde til Gausdal prestegjeld fram til 1878, deretter Østre Gausdal prestgjeld. Follebu kyrkje er bygd år 1260 og ligg eit stykke nordom Follebu tettstad.

Thumb
Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson i Follebu. Bilete frå 1890-talet

I Follebu ligg òg Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson som no er museum.

Remove ads

Follebu tettstad

Tettstaden Follebu er med 1 245 innbyggjarar per 1. januar 2024 den største i kommunen, ligg 4 km søraust for kommunesenteret Segalstad bru og 16 km nordvest for Lillehammer.

Meir informasjon Folketalsutvikling i tettstaden Follebu ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads