For Girls Who Grow Plump in the Night
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
For Girls Who Grow Plump in the Night er det femte studioalbumet til Canterbury scene-bandet Caravan, utgjeve i oktober 1973.[2]
Remove ads
Bakgrunn
Etter dårlege salstal, trass gode kritikkar, med dei tre første albuma deira, slutta den opphavlege klaverspelaren Dave Sinclair. Han vart erstatta av Steve Miller for det neste albumet deira, Waterloo Lily, som kom ut før For Girls Who Grow Plump in the Night. Richard Sinclair og Miller ønskte å ta bandet meir i retning av jazzrock, medan dei andre i bandet ønskte å halde seg til den opphavlege stile deira. Bandet enda opp med å bli oppløyst då Sinclair og Miller slutta.[3] Dei var med å skipe Hatfield and the North i lag med medlemmar av det førre bandet til Miller, Delivery. Hastings og Coughlan valde å halde fram som Caravan, og duoen henta inn bratsjisten Geoffrey Richardson, bassisten Stu Evans og klaverspelaren Derek Austin og turnerte mykje. Denne besetninga spelte ikkje inn musikk i lag før Evans vart erstatta av John G. Perry og Dave Sinclair kom attende i gruppa i 1973.
For Girls Who Grow Plump in the Night fekk god kritikk og synte at gruppa kunne overleve utan vokalisten Richard Sinclair. Jimmy Hastings tok seg av orkestreringa i lag med Martyn Ford og John Bell, medan Mike Ratledge frå Soft Machine medverka med det instrumentale stykket, «Backwards» som ein del av ein medley.
Remove ads
Innhald
Alle songar skrivne av Pye Hastings, utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Medverkande
- Caravan
- Pye Hastings – gitar, vokal
- Geoff Richardson – bratsj
- David Sinclair – orgel, piano, elektrisk piano, Davoli synthesizer, ARP-synthesizer på (2)
- John G. Perry – bass, vokal, perkusjon
- Richard Coughlan – trommer, perkusjon, paukar
- Andre medverkande
- Rupert Hine – ARP-synthesizer (1, 2 & 6)
- Frank Ricotti – conga (2, 3, 5, 7)
- Jimmy Hastings – fløyte (1)
- Paul Buckmaster – elektrisk cello (7)
- Tony Coe – klarinett, tenorsaksofon (1)
- Pete King – fløyte, altsaksofon (1)
- Harry Klein – klarinett, barytonsaksofon (1)
- Henry Lowther – trompet (1)
- Jill Pryor – stemme (5)
- Chris Pyne – trombone (1)
- Barry Robinson – pikkolofløyte (1)
- Tom Whittle – klarinett, tenorsaksofon (1)
- Orkester arrangert av John Bell og Martyn Ford, dirigert av Martyn Ford
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads