Waterloo Lily
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Waterloo Lily er det fjerde studioalbumet til Caravan, gjeve ut 12. mai 1972 på Deram.
Remove ads
Bakgrunn
Waterloo Lily er det einaste albumet til Caravan med Steve Miller som klaverspelar. Miller tok med seg ei meir jazzaktig kjensle til musikken til Caravan enn det som hadde vore på dei førre albuma[1] og han spelte meir på Wurlitzer piano enn Hammondorgel slik den førre klaverspelaren Dave Sinclair gjorde. Gjesteartistane Phil Miller og Lol Coxhill frå det førre bandet til Steve Miller, Delivery, spelte på «Nothing at all», ein instrumental utforma etter Miles Davis sin «Right Off». Kort tid etter Waterloo Lily, slutta Richard Sinclair og Steve Miller i Caravan for å spele med Phil Miller og Coxhill i eit nytt Delivery, som førte til skipinga av bandet Hatfield and the North.
Plateomslaget er ein detalj frå «The Tavern Scene» frå A Rake's Progress av William Hogarth.
Songen «The Love in Your Eye» har vore fast på konsertane til Caravan i mange år.
Remove ads
Innhald
Alle spor av Coughlan, Hastings, Sinclair, utanom «It's Coming Soon» og «Songs and Signs» av Miller.
Remove ads
Medverkande
- Caravan
- Pye Hastings – gitar & vokal
- Steve Miller – Wurlitzer elektrisk piano, flygel, Hammondorgel, elektrisk cembalo
- Richard Sinclair – bass & vokal
- Richard Coughlan – trommer
- Andre medverkande
- Lol Coxhill – sopransaksofon (1, 2)
- Phil Miller – andre sologitar (2)
- Jimmy Hastings – fløyte (5)
- Mike Cotton – trompet (5)
- Barry Robinson – obo (5)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads