For the Good Times
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«For the Good Times» er ein song skriven av Kris Kristofferson for debutalbumet hans Kristofferson. Han skreiv første verset og refrenget i 1968 medan han køyrde frå Nashville til Mexicogolfen. Ei tidleg innspeling av songen vart gjort av Bill Nash på Smash Records.[1][2]
I 1970 spelte Ray Price ein versjon av songen som gjekk til topps på country-lista i USA[3] og vart kåra til årets song av Academy of Country Music. «For the Good Times» var den femte nummer-ein-singelen til Price og låg 19 veker inne på lista.[4] «For the Good Times» kryssa over til poplista og nådde 11. plassen der, og vart den einaste hitten til Ray Price som nådde topp 40 på Billboard Hot 100.[5] Opphavleg gav selskapet til Price, Columbia Records, ut songen som B-side til singelen, men byta sider etter at Wayne Newton spelte inn sin eigen versjon av songen. Den andre sida, «Grazin' in Greener Pastures,» gjorde det ikkje like bra på countrylista.[2]
I 1973 nådde ein versjon av Perry Como sjuandeplassen på UK Singles Chart og låg 27 veker inne på lista.[6]
Remove ads
Lister
Andre versjonar
Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som:
- Brian Kennedy i 2008 på albumet Interpretations
- Lynn Anderson i 1970 på albumet Rose Garden
- Anne Murray
- Aaron Neville
- Al Green
- Andy Abraham
- Bill Kenny
- Billy Walker
- Chet Atkins
- Crystal Gayle
- Dean Martin
- Dolly Parton
- Elvis Presley på albumet hans Welcome to My World og As Recorded at Madison Square Garden
- Engelbert Humperdinck
- Frank Sinatra på albumet hans Trilogy med Eileen Farrell
- Isaac Hayes
- Jamey Johnson i 2010 på The Guitar Song
- Jerry Lee Lewis i 1972 på albumet Would You Take Another Chance on Me[7]
- Joe Diffie
- Johnny Cash spelte inn ein versjon som vart gjeve ut posthumt på albumet American VI: Ain't No Grave
- Kenny Rogers
- The Little Willies
- Lloyd Cole med Jill Sobule
- Tennessee Ernie Ford og Glen Campbell (på albumet Ernie Sings & Glen Picks)
- Willie Nelson
- Albert West i 1975
- Andy Williams spelte inn ein versjon i 1971 på albumet Love Story
- Roger Whittaker
- Michael Jackson framførte songen live i bursdagsfeiringa til mora si i 1984
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads