Formosaprovinsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Formosa (spansk uttale [foɾˈmosa]) er ein provins nord i Argentina, ein del av Gran Chaco-regionen. Formosa grensar til Paraguay i nord og i aust, og grensar til provinsane Chaco og Salta i høvesvis sør og vest. Hovudstaden er byen Formosa plassert i aust nær grensa til Paraguay. Grensa i vest mot Salta går langs ein meridian, dei andre grensene er naturlege grenser langs store elvar.
Provinsen er delt inn i ni departement, det mest folkerike departementet er hovudstaden med folkesetnad på 269 589 i 2022.[2]
Namnet Formosa kan komme frå det arkaiske spanske ordet fermosa (hermosa), som betyr «vakker».
Remove ads
Geografi


Provinsen ligg innanfor dei geografiske koordinatane 26° til 22°30' sør og 57°30' til 62°25' vest. Slettene strekkjer seg mellom Bermejo- og Pilcomayo-elvane med ei svak helling mot søraust. På grunn av denne flatheten er elveleia ustabile, og små lagunar som sakte blir igjen absorberte oppstår. Statsgrensa mot Paraguay ligg langs Paraguay-elva i austkanten av provinsen. Nordkanten av statsgrensa følger elva Pilcomayo. Bermejo er grenseelva mot Chacoprovinsen i sørvest.
Klima
Den gjennomsnittlege årstemperaturen er 21 °C; om sommaren kan dagstemperaturen stige til 45 °C.
Det tropiske klimaet blir kjenneteikna av jamn nedbør i aust (1000 mm årleg), medan vinteren er ein tørrare sesong i resten av landet (80 mm). Variasjonen i fukt resulterer i jungelvegetasjon på den eine sida og Chaco-skogen på den andre. Grensa til Saltaprovinsen er kjend som «ugjennomtrengeleg».
Río Pilcomayo nasjonalpark og Formosa nasjonalreservat er verna område i denne provinsen.
Remove ads
Fauna
Formosaprovinsen er kjend for mangfaldet av fauna. Dei varierte økosystema til regionen, som omfattar våtmarker, skogar, graslettar og elvar, gir eit breitt spekter av leveområde for eit rikt utval av dyreartar. Heile arealet av provinsen ligg innanfor Gran Chaco, og søraustlege delen ligg i fuktig chaco. Dei opphavlege dyreslaga i Formosa har opplevd stor tilbakegang som følgje av menneskeleg aktivitet slik som avskoging. Jaguar, som ein gong var eit utbreidd kattedyr i skogane og jungelen, har opplevd nedgang i populasjonen. Andre kattedyr, som pumaer og andre, lever også i området. I dei fuktige skogsområda finn ein tapirar og apar, der den karakteristiske brølapen (Alouatta caraya) skil seg ut. I dei tørrare skogsonene har beltedyr, inkludert kjempebeltedyret, lokalt kjent som tatú carreta, saman med artar av revar og gnagarar er vanlege i Gran Chaco-regionen. Fugle- og reptilpopulasjonane i Formosa liknar på dei som finst i andre provinsar i Argentina.
Remove ads
Økonomi
Økonomien i provinsen er basert på kvegdrift og landbruk som er utvikla i tidlegare skogsområde. Jordbruksprodukt inkluderer bomull, ris, bananar og avokado. Tannin er eit produkt utvinna frå quebracho-tre.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads