Vedalsfossen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vedalsfossen
Remove ads

Vedalsfossen er ein foss i Vedalselva,[1] ei sideelv til Veig i Hjølmadalen (også kalla Hjølmodalen[2]) i Eidfjord kommune i Vestland.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Fossen har eit vertikalt fall på 190 meter eller nær 200 meter, og dette reknar ein som det åttande høgaste loddrette fallet i Noreg.[3] Fossefallet vert ofte omtalt som høgare om ein tar med den forholdsvis bratte delen av elva nedanfor. Kjeldene oppgjev samla fallhøgd på 650 meter.[4][5][6] Frå utløpet på Hardangervidda til samløpet med hovudelva er høgdeforskjellen kring 680 meter. Vedalsfossen kjem ned i Hjølmadalen frå sidedalen Vedalen i dobbelt løp.[7] Fossen er vanskeleg tilgjengelwg. Ein kan sjå fossen frå vegen mellom Sæbø og Hjølmo.[5]

Johannes Flintoe brukte Vedalsfossen som motiv då han dekorerte «fulgeværelset» på det nye slottet i Christiania.[8]

Fossen vert stundom rekna for å ha ei høgd på 600 m, men dette er høgdepotensialet til elva om ein nytta ho til vasskraftproduksjon. På 1970-talet vurderte ein kraftutbygging av fossen, noko som ville medført tørrlegging av han.[9]

Hjølmadalen er vill og forriven. Lengre inn i dalen fell Veig gjennom Valursfossen.[10]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads