Karlheinz Förster
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karlheinz Helmut Förster (fødd 25. juli 1958) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Mosbach som vart europameister i 1980, og vann VM-sølv både i 1982 og 1986, med Vest-Tyskland. Mellom 1978 og 1986 spelte han 81 landskampar og skåra to mål for det vesttyske landslaget.
Midtstoppar Förster spelte for VfB Stuttgart i perioden 1977-86. I 1982 vart han kåra til årets tyske fotballspelar, og i 1984 kunne han feire at klubben vann den tyske bundesligaen. Frå 1986 var han i fire sesongar knytt til franske Olympique Marseille. Her var han i 1989 med på å vinne på den franske serien og den nasjonale cupen. Etter fleire år med skadetrøbbel forlet han toppfotballen i 1990.
Förster og den eldre broren Bernd Förster spelte ved fleire høve saman på det vesttyske landslaget.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Karlheinz Förster» frå Wikipedia på tysk, den 26. juli 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads