Manfred Kaltz
tysk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Manfred Kaltz (fødd 6. januar 1953) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Ludwigshafen am Rhein som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og vann Europacupen med Hamburger SV i 1983.
Remove ads
Kaltz var ein høgreback med stor løpskraft. Han spelte 581 kampar i den vesttyske bundesligaen i åra 1971 til 1991, alle saman på Hamburger Sportverein, og skåra 76 ligamål. Med laget sitt vart han vesttysk cupmeister i 1976, vinnar av Cupvinnarcupen 1977 og vesttysk ligameister i 1979, 1982 og 1983. Etter finaletap mot Nottingham Forest i Europacupen 1980 og mot IFK Göteborg i UEFA-cupen 1982, lukkast Hamburg og Kaltz å vinne Europacupen 1983 med 1-0 over Juventus i finalen. Sin siste triumf med laget sitt opplevde Kaltz då han i 1987 for andre gong var med å vinne den nasjonale cupmeisterskapen.
Remove ads
Kaltz debuterte på det vesttyske landslaget i september 1975, men det var fyrst i 1977 han fekk plass i fyrsteellevaren. Han spelte alle seks kampane til Vest-Tyskland under fotball-VM 1978 og deltok i fire kampar då Vest-Tyskland vann EM i fotball 1980, men var ikkje med i finalen. Derimot var han på bana då Vest-Tyskland tapte VM-finalen 1982 med 1-3 mot Italia. I februar 1983 spelte han i Lisboa sin 69. og siste landskamp. Han skåra åtte landslagsmål.
Remove ads
- Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1982 med Vest-Tyskland
- Vinnar av Europacupen: 1983 med Hamburger SV
- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1977 med Hamburger SV
- Vinnar av Bundesliga: 1979, 1982 og 1983 med Hamburger SV
- Vinnar av den vesttyske cupfinalen: 1976 og 1987 med Hamburger SV
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Manfred Kaltz» frå Wikipedia på tysk, den 14. juni 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads