Frédéric Joliot-Curie

fransk politikar og fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Frédéric Joliot-Curie
Remove ads

Jean Frédéric Joliot-Curie, fødd Joliot, (19. mars 190014. august 1958) var ein fransk atomfysikar og nobelprisvinnar. Han vann Nobelprisen i kjemi i 1935. Joliot-Curie mottok òg ei rekkje andre prisar, blant anna Stalins fredspris i 1951.

Kjappe fakta

Joliot fekk forskarutdanninga si hos den kjende «Madame Curie» – Marie Sklodowska Curie – oppdagaren av radium og dobbel nobelprisvinnar. I 1926 gifta han seg med dottera hennar, Irène Curie. I 1932 oppdaga Joliot og ektefellen hans kunstig radioaktivitet i 1932. Dette var i seg sjølv epokegjerande, men Joliot og medarbeidarane føresåg òg eksistensen av nøytronet (oppdaga av briten Chadwick, Nobelprisvinnar i fysikk 1935), og påviste tilinkjesgjering av materie ved reaksjon mellom ein partikkel og antipartikkelen til denne (som elektron og positron) – og kjedereaksjonar i spaltbart material, spesielt uran.

Grunnlaget for å byggje atomreaktorar var kjent av Joliot alt på 1930-talet, og i 1940 fekk han levert 200 kg tungtvatn frå Norsk Hydro. Dette vart berga over til Storbritannia ved okkupasjonen til tyskarane av Frankrike. Han gjekk inn i det illegale franske kommunistpartiet i 1942.

Etter frigjeringa vart Joliot-Curie leiar for det franske atomenergikommissariatet, men han vart fjerna i 1950 av politiske årsaker.

Joliot var den første presidenten i Verdsfredsrådet, medlem av Sentralkomiteen i Det franske kommunistpartiet frå 1956, og æresdoktor ved Universitetet i Oslo 1946.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads