Frø

From Wikipedia, the free encyclopedia

Frø
Remove ads

Frø er plantedelar danna som formeiringsorgan hjå frøplantar. Eit frø blir danna frå eit befrukta frøemne og inneheld ein groe eller kime som kan danna ein ny plante gjennom å spira.

Thumb
Løvetannfrø
Thumb
Skjematisk teikning av eit kveitefrø. Frøkviten fyller størsteparten av frøet, medan kimen finst i eine enden.

I tillegg til groen inneheld eit frø frøskal og frøkvite. Utforminga og storleiken på frø kan variera kraftig. Mange av dei ligg inne i ei frukt.

Remove ads

Frøskal

Frøskalet er videreutvikla frå frøemnehinner. Det er fast og vernar frøet mot ytre påverkingar. Skalet startar spiringa ved å suga opp vatn i særskilde cellelag som er bygde for denne funksjonen. Hos mange planter kan frøskalet bidra til frøspreiing ved at det har hår eller anna vedheng som letter spreiinga.

Thumb
Skjematisk teikning av tofrøblada (venstre) og einfrøblada frø.
A: Frøskal
B. Kimblad - to eller eitt
C. Hilum, punktet der kimen er festa til frøskalet
D. Kimen som ligg klar til å spira
E. Kimerot
Remove ads

Groe

Groen (kimen, embryo) stammar frå den befrukta eggcella og er dannet gjennom fleire celledelingar. I utvikla tilstand har groen ei lita rot, kimrota; ein liten stengelspiss, kimstengelen; og eitt eller to frøblad ut frå om han er einfrøblada eller tofrøblada.

Nokre plantar, som artane i erteblomfamilien, manglar frøkvite. Groen fyller då heile rommet inne i frøskalet og har store, tjukke kimblad som inneheld den nødvendige opplagsnæringa for spiringa.

Remove ads

Frøkvite

Frøkviten er opplagsnæringa til frøet. Han er endosperm, det vil seia at han blir danna i embryosekken gjennom fleire delingar av frøkvitekjernen. I eit ferdig frø tek kimen og frøkviten opp all plassen innanfor frøskalet. Frøemnekjernen som ligg mellom embryosekken og frøemnehinnene blir fortrengd.

Andre frødelar

Thumb
Arillusen på barlind er raud.

Nokre få plantar, til dømes i vassliljefamilien, utvikla også ein perisperm i tillegg til frøkviten. Her blir den delen av frøemnekjernen som er utanfor embryosekken også fylt med opplagsnæring.

Frøet til nokre plantar har ein frøkappe, arillus. Dette er eit kjøtfullt, ofte sterkt farga hylster som dekkjer frøet eller frukta meir eller mindre fullstendig. Frøkappen speler ei rolle ved frøspreiinga, til dømes som mat for fuglar. Ein finn tydeleg utvikla frøkappe mellom anna i barlind, spolebusk og muskatnøtt.

Visse andre plantar utviklar eit oljerikt vedheng, elaiosom. Denne delen kan etast av til dømes maur som lèt frøet vera. Dermed kan dette bidra til å spreia planten. Blåveis er eit døme på plantar som utviklar frø med elaiosom.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads