Ragged Glory
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ragged Glory er det 21. albumet til Neil Young og Crazy Horse, gjeve ut på Reprise Records den 9. september 1990.
Remove ads
Innspeling
Ragged Glory vart spelt inn i april 1990 på ranchen til Young, Broken Arrow. Bandet spelte eit sett med songar to gonger om dagen i eit par veker (og repeterte aldri same songen i eitt sett), gjekk så attende og valde ut dei beste versjonane. I følgje Young tok denne tilnærmingsmåten «analysen» ut av innspelinga, og gjorde at dei kunne spele utan å tenkje for mykje.[12]
Musikk og tekst
Albumet har ein liknande hardrockstil som Young spelte med Crazy Horse på Everybody Knows This Is Nowhere og Zuma. Den dominerande lyden på albumet var den støyande gitaren til Young, medan Crazy Horse heldt songane i eit livleg tempo. Trass i volumet er songane i følgje Allmusic fengande med sterke melodiar og gode refreng.[13] Dei første to songane er songar som Young og Crazy Horse opphavleg skreiv og spelte i 1970-åra og «Country Home» vart mellom anna spelt på turneen deira i 1976. «Farmer John» er ein coverversjon av ein 60-talslåt, skriven og framført av R&B-duoen Don and Dewey og garagebandet The Premiers. Young innrømde at songen «Days that Used to Be» er inspirert av Bob Dylan sin «My Back Pages».[14] Songen «Mother Earth (Natural Anthem)» er folkesongen «The Water is Wide» med ny tekst om miljøvern. Albumet inneheld mange lange gitarsoloar og to songar er meir enn ti minuttar lange, og heile plata varer over ein time fordelt på berre ti songar.
Remove ads
Utgjeving
Albumet nådde 31. plass på den amerikanske albumlista.
CD-singelen frå albumet, «Mansion on the Hill», inneheld ein song som ikkje kom ut andre stader, «Don't Spook the Horse» (7:36). «F*!#in' Up» vart ofte spelt av Pearl Jam live.
Ragged Glory II
I desember 2018 fortalte Young på nettsida si at i prosessen med å ommastre albumet, så oppdaga lydteknikaren John Hanlon 38 minuttar med musikk frå innspelingane som ikkje var gjevne ut før. Desse songane, kalla Ragged Glory II, er venta å kome ut i 2019.
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde
Medverkande
- Neil Young - gitar, vokal
- Frank Sampedro - gitar, vokal
- Billy Talbot - bassgitar, vokal
- Ralph Molina - trommer, vokal
Salslister
Album
Singel
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads