Friesland i Nederland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Friesland (vestfrisisk Fryslân) er ein provins nord i Nederland og ein del av den større regionen òg kalla Friesland. Namnet på vestfrisisk er Fryslân, som har vore det offisielle namnet sidan 1997. Provinsen har om lag 640 000 innbyggjarar og adminstrasjonssenteret er Leeuwarden (Ljouwert), med om lag 90 000 innbyggjarar.
Friesland skil seg frå dei andre elleve provinsane ved at han har sitt eige språk, vestfrisisk, som òg vert nytta i ein mindre del av provinsen Groningen i aust.
Friesland er hovudsakleg ein jordbruksprovins og er kjend for det svarte og kvite frisisk kveg og den svarte frisiske hesten som hadde opphavet sitt her. Turisme, hovudsakleg i innsjøane i sørvest og Dei vestfrisiske øyane i Vadehavet i nord, er òg ei viktig næring.
Provinsen er kjend for alle skeiseløparane som kjem her frå og for skeising på kanalane når vêret er kaldt nok. Då vert som regel det 200 km lange Elfstedentocht («ellevebyarsløpet») halde. Området har totalt 195 vindmøller av 1200 i heile landet.
Remove ads
Geografi
I aust er provinsen Friesland avgrensa av provinsane Groningen og Drenthe, i sør av Overijssel og Flevoland, i sørvest av innsjøen IJsselmeer, i vest og nord av Vadehavet. Friesland er knytt til Noord-Holland gjennom Afsluitdijk.
Til provinsen høyrer òg vadeøyar: Flylân (Vlieland på nederlandsk), Skylge (Terschelling på nederlandsk), It Amelân (Ameland på nederlandsk) og Skiermûntseach (Schiermonnikoog på nederlandsk).
Friesland er i lag med Drenthe den tynnast folkesette provinsen i Nederland.
Remove ads
Byar

- Leeuwarden (Ljouwert)
- Sneek (Snits)
- IJlst (Drylts)
- Sloten (Sleat)
- Stavoren (Starum)
- Hindeloopen (Hylpen)
- Workum (Warkum)
- Bolsward (Boalsert)
- Harlingen (Harns)
- Franeker (Frjentsjer)
- Dokkum (Dokkum)
Store byar
- Drachten (kommunen Smallingerland)
- Heerenveen (It Hearrenfean)

Kommunar
- Achtkarspelen
- Ameland
- Dantumadiel
- De Fryske Marren
- Dongeradeel
- Ferwerderadiel
- Harlingen
- Heerenveen
- Kollumerland c.a.
- Leeuwarden
- Ooststellingwerf
- Opsterland
- Schiermonnikoog
- Smallingerland
- Súdwest-Fryslân
- Terschelling
- Tytsjerksteradiel
- Vlieland
- Waadhoeke
- Weststellingwerf
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads