Fuglemat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fuglemat
Remove ads

Fuglemat eller fuglefrø er mat gjeven til ville og tamme fuglar. Han kan innehalda ulike frø, nøtter, tørka frukt eller insekt, eller kraftfôr. Det meste av slik mat blir gjeven til fjørfe i jordbruket, som høns, ender og kalkun, men fuglemat blir òg gjeven til kjæledyr, fuglar i fangenskap eller gjeven til villfugl gjennom ulike former for fuglemating.

Thumb
Tillaging av fuglemat på Nihoa i Hawaii.
Thumb
Fuglemat dandert på eit fat ved grava til Shah Rukn-e-Alam i Multan i Pakistan.

Fuglematblandingar kan ha ulike typar mat tilpassa ulike fuglar. Ulike fuglar kan til dømes vera kjøtetarar, planteetarar, insektetarar, nektaretarar og anna. Dei kan også føretrekke frø av ulik storleik, med eller utan skal.

Solsikkefrø tiltrekk seg ei stor mengd ulike fuglar, og er derfor vanlege å ha i fuglefrøblandingar. Fuglar kan plukka gjennom frøa for å finna typen dei vil ha, noko som kan føra til at ei stor mengd fell på bakken.[1] Dette kan føra til sopp- og bakterivekst, eller at andre dyr kjem til for å eta frøa.

Remove ads

Typar

Naturlege typar

Thumb
Stjertmeis et ister frå ein fuglematar

Frø

Svarte solsikkefrø er utbreidde som fuglemat ettersom dei tiltrekk seg ei mengd ulike fuglar, har eim stor del frøinnhald i høve til skalet, og har høgt feittinnhald, noko som særleg er viktig for fuglar om vinteren.[2][3] Andre vanlege fuglefrø er ramtillablom (Guizotia abyssinica), hirse og safrantistel.[2][3]

Anna

Ister og talg kan gjevast til insektetande fuglar.[2] Kunstig nektar ganske enkelt sukkervatn kan tiltrekka kolibriar.[2] Brød og diverse kjøkkenavfall kan gjevast til ender og måkar, men dette kan nokre gonger føra til feilernæring for fuglane. Høns får gjerne mais, kveite, bygg, hirse og biprodukt frå kverning. Tamme papegøyar kan få frisk frukt, grønsaker og nøtter, i tillegg til frø.

Thumb
Kjøttmeis på ein talgball.

Ein talgball er ei feittrik form for fuglemat meint som støtteforing for ville fuglar, særleg småfuglar, om vinteren. Ballen er vanlegvis litt mindre enn ein tennisball, men finst òg i større storleikar. Talgballar ein kjøpar i butikk er oftast runde og omgjevne av nett for enklare opphenging. Talgballen består av fuglefrø blanda med ei form av hardt feitt, til dømes talg eller kokosfeitt.

Kraftfôr

Hushald

Kommersiell fuglemat for tamme og ville fuglar er utbreidde produkt, både som frøblandingar og med pellets.[3][4]

Gardsbruk

Thumb
Mann i Ghana førebur fuglemat til fjørfe.

Kommersielt fôr for fjørfe er ei vitskapleg utforma blanding som kan vera tilpassa kyllingar, eggleggjarar og så bortetter. Dei kan ha ulik konsistens, som pulver, smular eller pellets[5]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads