Fulenn

song frå 2022 med Alvan & Ahez From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Fulenn» (bretonsk uttale: [ˈfyːlɛn]; norsk omsetjing: gneist eller ung jente[2]) er ein song frå 2022 med den fransk-bretonske gruppa Alvan & Ahez. Songen er komponert av Alexis Morvan-Rosius, med bretonsk tekst av Marine Lavigne. Songen var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia, etter at han vann den franske songtevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez! laurdag 5. mars 2022.[3]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

Musikken til «Fulenn» er komponert av elektromusikaren Alvan (Alexis Morvan-Rosius), med tekst av Marine Lavigne, medlem av den bretonske vokalgruppa Ahez. Teksten er på bretonsk, og den handler om frigjeringa av kvinner. Historien i songen er inspirert av ei bretonsk legende, Katell Kollet.[4] Ifølgje folkesongen var ho ei ung og vakker jente, som tidvis vart sett på som lausslept.[5] I teksten frigjer ho seg frå blikka frå andre ved å danse etter mørkerets frambrot i ljoset frå eit bål.[6] Men ein dag møter den unge jenta ein djevel, som dreg ho inn i ein mystisk dans.[7]

«Fulenn» var ein av rundt 3 000 låtar som var til vurdering for deltaking i songtevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez! på tv-kanalen France 2.[8] Vinnaren får representere Frankrike i Eurovision Song Contest. «Fulenn» vart til slutt plukka ut blant 12 låtar til å delta i tevlinga i Paris laurdag 5. mars 2022.[9]

I finalen var songen favoritt hos både juryen og sjåarane, og han vann ein klar siger med til saman 222 poeng. Gjennom sigeren vart «Fulenn» det franske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia laurdag 14. mai.[3] Der enda han nest sist av 25 bidrag med 17 poeng.[10]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2022), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads