Frankrike i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Frankrike i Eurovision Song Contest
Remove ads

Frankrike debuterte i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 og har delteke nesten kvart år sidan, med unntak av 1974 og 1982. Med fem sigrar og ytterlegare 20 topp fem-plasseringar er Frankrike eit av dei mest suksessrike landa i tevlinga. Frankrike er eit av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifiserte til finalen på grunn av dei store økonomiske bidraga til tevlinga.[1] Frankrike har berre kome sist i tevlinga éin gong, i 2014.

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Remove ads

Historikk

Fleire kringkastarar har stått bak det franske bidraget til Eurovision Song Contest. I dag er det ålmennkringkastaren France 2 som sender Eurovision Song Contest i Frankrike, og som vel det franske bidraget til Eurovision Song Contest.

Thumb
André Claveau skaffa Frankrike sin fyrste siger i 1958.

Frankrike var eit av sju land som deltok i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest, og har berre stått over tevlinga ved to høve: i 1974 og 1982. I 1974 hadde Frankrike valt både artist og song til tevlinga, men den franske presidenten, Georges Pompidou, døydde fire dagar før finalen. I respekt for den avlidne statsleiaren valde difor Frankrike å trekkje seg frå tevlinga.[2] I november 1981 trekte TF1 seg frå Eurovision Song Contest 1982. Bakgrunnen var at underhaldningssjefen i kanalen, Pierre Bouteiller, meinte tevlinga bestod av middelmåtige songar og lite talent. Men året etter tok konkurrenten Antenne 2 over jobben, og Frankrike var tilbake igjen i Eurovision Song Contest 1983.[3]

Suksess og nedtur

Frankrike dominerte tevlinga fram til byrjinga av 1980-åra og er saman med Storbritannia eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest. Landet har vunne tevlinga fem gongar og kom stort sett på topp fem kvart einaste år i 1960- og 1970-åra. Frankrike har fem andreplassar og sju tredjeplassar; berre Storbritannia kan måle seg med dette.

Men dei siste par tiåra har den franske dominansen gradvis vorte svekka, og i 1998 innleia landet ei lang rekkje med elendige resultat. Med unntak av eit par topp ti-plasseringar har Frankrike stort sett kome blant dei fem siste sidan 2005. I 2014 vart botnen nådd, då Frankrike enda sist for fyrste gong i historia med gruppa Twin Twin. I 2016 kom Frankrike på ein sjetteplass – den beste plasseringa til Frankrike på heile 14 år. I 2021 kom Frankrike på andreplass, som var den beste franske plasseringa sidan 1991.

Thumb
Catherine Ferry fekk ein stor hit i Noreg med «Un, deux, trois» i 1976.[4]

Frankrike har heller ikkje vunne tevlinga sidan 1977, sjølv om landet var nær ved å vinne i 1991. Franske Amina og svenske Carola enda båe med 146 poeng. Dimed måtte ein telje talet på tildelte 12-poengarar. Både Carola og Amina hadde motteke tolv poeng frå fire land, men Carola hadde fått 10 poeng frå fleire land. Dimed vann Sverige på målstreken framfor Frankrike.

Ein av dei store

I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen ei ordning som sikra dei fire største økonomiske bidragsytarane direkte plass i finalen. Dei fire landa var Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Spania, og gruppa vart kalla «dei fire store». I 2011 kom Italia tilbake i tevlinga, og gruppa vart utvida til «dei fem store.» Frankrike har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[1]

Remove ads

Bidrag

I 1956 stilte kvart land med to songar kvar. Berre vinnaren vart offentleggjort, dei øvrige plasseringane er difor ikkje kjende.[5]

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Røystehistorikk (1957-2021)

Meir informasjon #, Land ...

Talla over inkluderer berre poeng i finalar. Poeng i semifinalane er ikkje med.

Galleri

Remove ads

Eurovision Song Contest i Frankrike

Meir informasjon År, Stad ...

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads