Gaudi av Alan Parsons Project
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gaudi er det tiande studioalbumet av The Alan Parsons Project, gjeve ut i 1987. Gaudi syner til Antoni Gaudí,[3] den katalanske arkitekten som laga den kjende bygningen som opningssporet refererer til, Sagrada Família.
I den siste endringa i kjernen av medlemmar i Alan Parson Project, erstatta broren til saksofonisten og klaverspelaren Richard Cottle, Laurie, David Paton på bass. Albumet vart spelt inn i The Grange i Norfolk og Mayfair Studios i London.
Dette var det siste, ekte studioalbumet til Alan Parsons Project, og siste gongen vokalisten Lenny Zakatek song på eit Parsons-album. Sjølv om albumet The Sicilian Defence kom ut i 2014, var det opphavleg spelt inn i 1979 og aldri meint å bli høyrt av publikum.
Under låtskrivinga for det som skulle bli oppfølgjaren, gjorde Eric Woolfson det om til ein rockeopera, og gav det sidan ut som Freudiana i 1990. Alan Parsons heldt fram som soloartist i 1993 med Try Anything Once, eit album som fullførte den musikalske evolusjonen som starta med dette albumet.
Ein musikal av Eric Woolfson med same namn er basert på songar frå dette albumet og vart sett opp i 1993 i Tyskland med songar sungne på engelsk.
Songane «Closer to Heaven» og «Money Talks» vart nytta i ein episode av tredje sesongen av TV-serien Miami Vice, medan «Paseo de Gracia» var i ein episode av femte sesongen.
Remove ads
Innhald
Alle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.
Remove ads
Medverkande
- Eric Woolfson – piano, klaverinstrument, vokal
- Alan Parsons – synthesizer, programmering, produsent, lydteknikar
- Ian Bairnson – gitar
- Laurie Cottle – bass
- Stuart Elliott – trommer, perkusjon
- Richard Cottle – synthesizer, saksofon
- John Miles, Lenny Zakatek, Geoff Barradale, Chris Rainbow - vokal
- Andrew Powell – orkesterarrangement
- John Heley – cello på «La Sagrada Familia»
- David Cripp – blåsardirigent på «La Sagrada Familia» og «Paseo de Gracia»
- Bob Howes – dirigent for The English Chorale, pauker på «La Sagrada Familia» og «Paseo de Gracia»
Remove ads
Salslister
Album
Singlar
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads