Stereotomy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stereotomy er det niande studioalbumet av The Alan Parsons Project, gjeve ut i 1985.

Meir informasjon The Alan Parsons Project-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Det selde ikkje så godt som føregangaren Vulture Culture, og er strukturert annleis enn tidlegare Project-album med tre lange spor («Stereotomy» er over sju minutt, «Light of the World» over seks og den instrumentalen «Where's the Walrus?» er sju og eit halvt) og to minutt-lange songar til slutt. Albumet vart laga heilt digitalt og både LP- og CD-utgåvene vart koda med tokanals Ambisonic UHJ-format.

Den originale vinylutgåva var annleis frå alle seinare nyutgjevingar. Det hadde eit noko meir utførleg plateomslag, der papiromslaget kom med eit spesielt fargefilter kring seg. Dette filtrerte somme av fargane på omslaget, slik at ein fekk fire forskjellige variantar (to per side). Dette var meint å symbolisere visuell stereotomi. På nyutgjevingar var det berre ein variant. Plateomslaget gjorde at plata vart nominert til Grammyprisen for beste plateomslag.

Ordet «stereotomy» er teken frå «The Murders in the Rue Morgue» av Edgar Allan Poe. Det refererer til å kutte eksisterande faste former i forskjellige andre former. Det vert nytta som ein metafor for måten kjende folk (songarar, skodespelarar osv.) ofte vert 'forma' av krava kjendistilværet fører med seg.[3]

Stereotomy vart òg Grammynominert i 1987 forr beste rockeinstruental med «Where's the Walrus?»[4][5]

Stereotomy er siste albumet til Alan Parsons Project med David Paton på bass. Han vart medlem av turnébandet til Elton John.

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Remove ads

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon Tittel, Liste (1985) ...

I populærkulturen

Ein kan sjå eit eksemplar av Stereotomy i eit særs kort glimt i filmen The Big Lebowski då Maude ber The Dude sjå gjennom platene hennar.

«Limelight» vart nytta av NBC Sports for ein musikkvideo i 1986 med New York Mets då dei hadde slått Boston Red Sox og vart meistrar.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads