Geilo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Geilo
Remove ads

Geilo er ein tettstad i Hol kommune i Buskerud. Tettstaden ligg øvst i Hallingdal, ved Bergensbanen omtrent midtvegs mellom Bergen og Oslo, og har 2 586 innbyggjarar per 1. januar 2024. Sentrum ligg om lag 800 moh.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Geilo er ein populær turiststad, både sommars- og vinterstid, og bygda har ei mengd hotell og andre overnattings- og serveringsstader.

Namnet Geilo kjem av dativ fleirtalsform av geil, 'inngjerda krøterveg'. Tettstaden har namn etter garden Geilo, som selte grunnen til Bergensbanen då det skulle opprettast ein stasjon kring 1900. Initiativet til dette vart teke av hotelleigaren Ola Geilo frå Ustedalen. Tettstaden har sidan vokse fram kring stasjonen.

Remove ads

Næringsliv og kultur

Geilo er ein godt utbygd vintersportstad, med taubane, fleire skitrekk og skøytebane. Det blir stelt til fleire faste, årlege arrangement, både sommar og vinter. Geilo er ein etterspurd turiststad og har mange hotell, pensjonat og utleigehytter.

I tillegg til turisttrafikken, er det lokale næringslivet prega av jern- og metallvareindustri (knivar, ljåar, verktøy og andre jernvarer) og produksjon av sportsartiklar og suvenirar. Geilo er elles eit viktig handelssenter, ikkje minst på grunn av turisttrafikken. Geilo kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1890. Tuftebrui frå 1830 er freda. På Fekjo ved Ustedalsfjorden finst det gravhaugar.

Geilo er eit trafikknutepunkt. Her møtest riksveg 7 Oslo–Gol–Bergen og fylkesveg 40 over Dagali til Kongsberg og Larvik. Utanom jernbanesamband med Bergen og Oslo har Geilo bussrutesamband til Hønefoss, Rødberg i Numedal og Odda i Hardanger. Den private flyplassen Geilo lufthamn, Dagali ligg 28 km frå Geilo sentrum.

Remove ads

Historikk

  • Geilo Hotel var grunnlagt i 1890
  • Øyo Hotell var grunnlagt i 1909
  • Dr. Holms Hotel var grunnlagt i 1909
  • Haugen Hotell var grunnlagt i 1914
  • Dei paralympiske vinterleikane i 1980 vart haldne på Geilo
  • Dronning Sonja fekk skiinstruktørsertifikatet sitt på Geilo

Galleri

Folkemengd

Meir informasjon Folketalsutvikling på Geilo ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads