Gene Clark with the Gosdin Brothers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gene Clark with the Gosdin Brothers er det første soloalbumet til Gene Clark. Det kom ut i februar 1967 på Columbia Records. Albumet var det første han gav ut etter han slutta i folkrockgruppa The Byrds i 1966. Sjølv om albumet vart ein kritikarrost suksess og etablerte Clark som ein talentfull singer-songwriter, kom albumetut tett opp til utgjevinga av Byrds-albumet Younger Than Yesterday både i USA og Storbritannia, noko som hindra gode salstal. Musikarane på albumet vart mellom andre dei tidlegare bandkollegaene Chris Hillman og Michael Clarke; Wrecking Crew-musikarane Glen Campbell, Jerry Cole, Jim Gordon og Leon Russell; det framtidige Byrds-medlemmet Clarence White og den framtidige samarbeidspartnaren Doug Dillard. Vise- og countryduoen Gosdin Brothers song korvokal.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Nyutgjevingar

Albumet kom ut på nytt i USA i 1972 utan «Elevator Operator» og med nyinnspelt vokal og ny miks som var meint å gjere lyden «mjukare. Den nye utgåva fekk tittelen Collector's Series: Early LA Sessions.

CD-utgåva kom ut i 1988 på Edsel Records (Storbritannia) og nytta den originale stereomiksen frå 1966.[2] To år seinare gav CBS Special Products (USA) ut den originale monomiksen for si CD-utgåva og la til ein alternativ monomiks av «Tried So Hard» som ikkje var gjeven ut før som bonusspor.[3]

Ei ny utgåve av albumet kom ut på Columbia/Legacy i 1991 kalla Echoes. Denne var stort sett miksa på ny, men lyden var nærmare originalalbumet enn 1972-utgåva. Den største endingar vart at vokalen var på to spor og somme avslutningar var strekte ut. Echoes hadde òg ei anna rekkefølgje på songane og la til «The French Girl» (ein song av Ian and Sylvia), «Only Colombe», ein akustisk demo av «So You Say You Lost Your Baby» og fleire Clark-songar frå tidlege Byrds-innspelingar til som bonusspor.

Seinare utgåver frå 1997 og 2007 gjekk attende til den originale albummiksen og rekkjefølgja. Utgåva frå 2007 på Sundazed Records (produsert av Bob Irwin), inneheld òg fleire bonusspor.

I 2014 gav Sony Music Japan ut den originale monomiksen frå 1966 på CD, remiksen Collector's Series: Early LA Sessions og elleve bonussor - i alt 32 spor.[4]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Gene Clark, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads