Geografiske ytterpunkt i Antarktis

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Dette er ei liste over geografiske ytterpunkt i Antarktis.

Antarktika

Antarktika er sjølve kontinentet som ligg kring Sørpolen, medan Antarktis i følgje Antarktistraktaten er definert som alt land og alle isbremmar sør for 60. sørlege breiddesirkelen.

  • Det høgaste fjellet i Antarktis er Mount Vinson med ei høgd på 4892 meter over havet.
  • Det lågaste punktet i Antarktis finn ein i Bentley Subglacial Trench, som stikk 2555 meter under havnivå. Dette er òg det lågaste punktet på jorda som ikkje er dekt av sjø. Det er derimot dekt av fleire kilometer med is.
  • Det lågaste tilgjengelege punktet i Antarktis er breidda av Deep Lake i Vestfold Hills, som ligg 50 meter under havnivå.
  • Punktet på land som ligg lengst borte frå noko kystlinje på det antarktiske kontinentet ligg ved 83°06′S 54°58′E. Dette vert òg kalla den sørlege utilgjengelegheitspolen.[1]
  • Antarktis er den sørlegaste landmassenjorda. Den geografiske Sørpolen ligg på Polarplatået ved 90°00′S 00°00′W. Her ligg òg den sørlegaste busetnaden på jorda: Amundsen-Scott-stasjonen (administrert av USA).
  • Vostok er den mest isolerte forskingsbasen på kontinentet (ligg ved 77°S 105°E) og over den sørlegaste innsjøen i verda, Vostoksjøen, ein subglasial innsjø 4000 meter under isoverflata.
  • Den sørlegaste vulkanen på jorda - Mount Erebus - ligg på den sørlegaste øya i Antarktis som er mogeleg å nå frå sjøen: Ross Island.
  • Den sørlegaste øya er Berkner Island, som ligg inne i ein isbrem.
  • Rosshavet er den sørlegaste havområdet i verda og lengst sør (Gould Coast) ligg ved foten av Horlick Mountains kring 320 km frå den geografiske Sørpolen. Området er dekt av Rossisen. Det sørlegaste opne farvatnet finst òg i Rosshavet, nemleg Hvalbukta ved 78°30'S, langs kanten av Rossisen.
  • Det nordlegaste punktet på det antarktiske fastlandet (utanom øyane i nærleiken) er Prime Head, ved nordenden av Den antarktiske halvøya ved 63°12′48″S 57°18′08″W. Den antarktiske halvøya er den største samanhengande delen som stikk nordover frå kontinentet og nord for Den antarktiske polarsirkelen. Mange av forskingsbasane på kontinentet ligg derfor her. Prime Head ligg 980 km frå Kapp Horn. Den nordlegaste forskingsbasen på fastlandet er Esperanza-basen.
Remove ads

Andre ytterpunkt

  • Sjølv om ein finn dyreliv som pingvinar og selar langs kysten av heile Antarktis, finn ein berre blømande planter nord på Den antarktiske halvøya.
  • Den høgaste temperaturen som er målt i Antarktis er 14,6 °C ved Vanda-stasjonen (administrert av New Zealand) den 5. januar 1974.
  • Den lågaste temperaturen som er registrert så langt i Antarktis er -89,2 °C ved Vostok (administrert av Russland) den 21. juli 1983.
  • Den kraftigaste vinden som er registrert på kontinentet var ved Commonwealth Bay (66°54′S 142°40′E), som er kring 48 km brei ved inngangen mellom Point Alden og Cape Gray i Australian Antarctic Territory. Vinden når ofte over 200 km per time her. Den kraftigaste vinden vart registrert ved basen Belgrano II på 351 km/h.
  • Antarktis har den lågaste årsmiddelnedbøren i verda (null ved den geografiske Sørpolen) og er dermed det tørraste kontinentet i verda.
  • Trass i dei låge nedbørsmengdene finst kring 70% av ferskvatnet på jorda (som 90% av isen på jorda) her.
Remove ads

Sørishavet

Sørishavet er det sørlegaste av verdshava. Definisjonen av den nordlege grensa til havet varierer frå land til land, men ligg generelt mellom 40° og 60° S. Kilometrane som er nemnde under er avstanden til Sørpolen.

Sør-Amerika

Argentina

Chile

Storbritannia

Remove ads

Afrika

Oseania

Australia

New Zealand

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads