Studio Tan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Studio Tan er eit studioalbum av Frank Zappa, først gjeve ut i september 1978 på hans eige DiscReet Records. Det nådde 147. album på Billboard 200.

Meir informasjon Frank Zappa-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Tidleg i 1976 enda forholdet til Zappa med manager og forretningspartner Herb Cohen i ein rettstvist. Selskapet til Zappa og Cohen, DiscReet Records, vart distribuert av Warner Bros. Records. Då Zappa bad om å få kome overføre kontrakten sin frå DiscReet til Warner for å gjere spesielle prosjekt utan at Cohen var involvert, gjekk Warner først med på dette. Dette førte til utgjevinga av Zoot Allures i 1976 på Warner. Tidleg i 1977 leverte Zappa masterlydbanda til eit firedobbelt album kalla Läther.[2] Men Warner endra stillinga si etter søksmål frå Cohen, og nekta å gje ut albumet, og hevd at Zappa i følgje kontrakten var nøydd til å gje ut fire album til for Warner på slekspaet DiscReet.[3]

Remove ads
Remove ads

Etter Warner Bros. gav ut Zappa In New York, fortalte dei han at han framleis skulda dei fire album til. Han prøvde å få til ein distribusjonsavtale med Phonogram om å gje ut Läther på det nye selskapet Zappa Records. Dette førte til at Warner truga med søksmål, og hindra utgjevinga av Läther og tvang Zappa til å skrinlegge prosjektet. Sidan Zappa berre hadde levert lydbanda, vart tre individuelle album gjeve ut utan musikalske tilskrivingar.[4] Warner fekk òg Gary Panter til å laga omslag, som ikkje var godkjend av Zappa. Då albumet først kom ut på CD i 1991 valde Zappa å gje dei ut som individuelle album, med Panter sine omslag. Songane på Studio Tan vart gjeven ut i andre versjonar då Läther omsider kom ut i 1996.

Innhald

Dei fire spora var opphavleg meint for det skrinlagde albumet Läther.

Eit utdrag av ein uutgjeven alternativ versjon av «Revised Music for Guitar and Low-Budget Orchestra» finst på samlealbum The Guitar World According to Frank Zappa frå 1987, med nye trommespor av Chad Wackerman.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Frank Zappa

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Remove ads

Salslister

Album - Billboard (Nord-Amerika)

Meir informasjon År, Liste ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads