Get It On

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Get It On» er ein song av den britiske glamrockgruppa T. Rex frå albumet Electric Warrior i 1971. Han var skriven av frontmannen Marc Bolan og vart den andre førsteplassen T. Rex klarte i Storbritannia. I Noreg nådde songen sjetteplassen på VG-lista. I USA vart songen omdøypt til «Bang a Gong (Get It On)» for at han ikkje skulle forvekslast med ein annan song med same namn av Chase. Songen er kanskje den mest kjende av T. Rex.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

B-sida til singelen var «Raw Ramp».

Remove ads

Historie

Bolan hevdar å ha skrive songen ut av eit ønske om å spele inn Chuck Berry sin «Little Queenie», og sa at riffet er henta frå Berry-songen. Faktisk vert ei linje, And meanwhile, I'm still thinking, frå «Little Queenie» sagt medan «Get It On» tonar ut.[3]

Dette var songen som meir eller mindre enda den ein gong så gode venskapen mellom Bolan og John Peel, etter at Peel omtalte mangelen sin på entusiasme for songen på lufta etter å ha fått ei tidleg utgåve av singelen. Bolan og Peel snakka berre i lag ein gong etter dette før Bolan døydde i 1977.[4]

Under ei framføring på Top of the Pops, spelte Elton John piano på songen. Pianoet på plata vart spelt av Rick Wakeman. Wakeman var i desperat pengemangel på denne tida og trefte tilfeldigvis Bolan på gata og spurte om han kunne få spele med han. Wakeman påpeikte for Tony Visconti at songen eigentleg ikkje trengde ein pianist. Visconti foreslo at han kunne lage ein glissando. Wakeman sa at Visonti kunne klare det sjølv, då Bolan svarte, «du vil ha pengar til husleiga di, vil du ikkje». Wakeman tente 9 pund på innspelinga.[5]

I mars 2005 plasserte Q magazine «Get It On» på 36. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1971–72), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

The Power Station-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Get It On» vart spelt av The Power Station i 1985. Versjonen deira - kalla «Get It On (Bang a Gong)» i USA – vart gjeven ut som den andre singelen frå debutalbumet deira. Songen gjorde det godt i USA og nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 sommaren 1985.[14] I Storbritannia nådde songen 22. plassen på UK Singles Chart.[15]Robert Palmer høyrde at andre Power Station-medlemmar hadde spelt inn ein demo av songen, spurte han om han kunne få prøve å syngje vokal på songen. Bandet fekk så Palmer til å syngje på heile albumet.[16] Singelen vart ein av signaturlåtane til bandet.

Salslister

Meir informasjon Liste (1985), Plassering ...

Andre versjonar

Andre band som har spelt songen er Top of the Poppers, Blondie, Witch Queen, Aerosmith-gitarist Joe Perry, The Boomtang Boys, Los Bunkers, Ministry, Cinema Bizarre, Porno Graffitti og Carlos Santana.

Sampling og referanse

Den britiske dance-gruppa Bus Stop (i USA kalla «London Bus Stop») sampla vokalen frå T. Rex-originalen på deira delvis cover av songen i 2000. Denne nådde 59. plassen i Storbritannia.[19]

I media

  • Songen er nytta i mange filmar, som The Stoned Age (1994), Blue Juice (1995), Billy Elliot (2000), The Trip (2002), Meet the Fockers (2004), Flying Boys (2004), Jarhead (2005), The Bank Job (2008) og Barney's Version (2010).
  • Songen er spelbar i videospelet Rock Band.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads