Jeepster

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Jeepster» er ein song av det britiske glamrockbandet T. Rex frå albumet Electric Warrior frå 1971. Songen vart gjeven ut som singel med B-sida «Life's a Gas».

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen nådde andreplassen på hitlista i Storbritannia.[1] Songen vart gjeve nut av Fly Records utan at songarem Marc Bolan hadde gjeve løyve til det. Bolan hadde nettopp gått frå Fly til fordel for EMI, som gav han kontroll over sitt eige selskap, T. Rex Wax Co. Records.[2]

Musikken og rytmen liknar Howlin' Wolf-songen «You'll Be Mine», skriven av Willie Dixon. I eit intervju fortalte Marc Bolan at han hadde henta riffet frå ein Howlin' Wolf-song. «Jeepster» har òg likskap med Roy Orbison-songen «You're My Baby».

Songen vart nytta i Martin Scorsese-filmen Alice Doesn't Live Here Anymore frå 1974 og Quentin Tarantino-filmen Death Proof frå 2007.

Remove ads

Andre versjonar

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Eater, The Polecats, Altered Images, Fish, Vernon Reid, Doogie White, Mickey Finn's T. Rex, Love Bites og Showaddywaddy.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads