Get the Picture?
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Get the Picture? er det andre studioalbumet til den engelske rockegruppa The Pretty Things, gjeve ut i 1965.
Remove ads
Innspeling
Innspelinga av det andre albumet til The Pretty Things byrja kring september 1965, berre månader etter debutalbumet kom ut. Det enda opp med å bli ein nokså lemfeldig affære på grunn av aukande problem med trommeslagaren Viv Prince, som byrja å oppføre seg stadig meir eksentrisk og omsynslaus. Produsenten deire Bobby Graham, som var ein dugande trommeslagar, spelte derfor på fleire av songane. John Stax delte leilegheit med John C. Alder som var med på minst to spor, det eine var «You'll Never Do It Baby». Jimmy Page var òg med på eit par av songane, og var òg oppført som medlåtskrivar på «You Don't Believe Me». Bandet byrja å gå litt bort frå R&B-stilen som dominerte debutalbumet og utforska meir soulprega retningar, i tillegg til freakbeat med mykje forvrengd gitar og bass.
Albumet vart spelt inn på tre spor i Philips Studios i London og vart berre miksa i mono. Då albumet kom ut hadde Viv Prince fått sparken frå bandet. Dei stod då utan trommeslagar, medan dei leita etter ein erstattar.
Remove ads
Innhald
«Midnight To Six Man», «Me Needing You», «Come See Me» og «L.S.D.» var produserte av Glyn Johns.
Remove ads
Medverkande
- Phil May – vokal
- Dick Taylor – sologitar
- Brian Pendleton – rytmegitar, korvokal
- John Stax – bass, korvokal
- Viv Prince – trommer (på somme spor)
- Bobby Graham – trommer (på somme spor)
- Twink – trommer (på to spor)
På bonusspora var besetninga May, Taylor, Pendleton, Stax og Skip Alan på trommer.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads