Give Ireland Back to the Irish
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Give Ireland Back to the Irish» er ein song av Wings som kom ut som debutsingelen deira i februar 1972. Songen vart skriven av Paul McCartney og kona Linda som svar til Bloody Sunday den 30. januar det året, då britiske soldatar i Nord-Irland skaut og drap tretten irske republikanske demonstrantar. Wings spelte inn songen bere to dagar seinare i Abbey Road Studios i London. Det var den første songen til bandet med den irske gitaristen Henry McCullough.
«Give Ireland Back to the Irish» vart bannlyst av BBC og andre organisasjonar i Storbitannia og vart heller ikkje spelt på radio i USA. Singelen nådde 16. plassen på UK Singles Chart og 21. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, men toppa den nasjonale singellista i Irland. McCartney, som ikkje hadde gjeve ut ein så politisk song før, vart fordømt i britiske media for å vere tilsynelatande pro-IRA i Nord-Irland.[1] Som med det første albumet til Wings, Wild Life, vart songen kritiserte av mange musikkritikarar.[2][3] Dei meinte tekstane til McCartney var for enkle og såg på singelen som eit forsøk på å få krediilitet for det nye bandet sitt med å støtte ei pågåande politisk sak.
Wings framførte «Give Ireland Back to the Irish» på turneen sin i England og Wales i februar 1972. Songen kom først ut på albumet i 1993, då han var bonusspor på CD-utgåva av Wild Life. Etter eit terroriståtak i London i 2001, gjekk McCartney med på å fjerne songen frå plateboksen Wingspan.
Remove ads
Medverkande
- Paul McCartney – solovokal, bassgitar
- Linda McCartney – korvokal, RMI Electra Piano
- Denny Laine – korvokal, elektrisk gitar
- Henry McCullough – elektrisk gitar
- Denny Seiwell – trommer
- ikkje oppført – klapping[4]
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads