Give It Up av Bonnie Raitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Give It Up er det andre studioalbumet til den amerikanske musikaren Bonnie Raitt, utgjeve i 1972 på Warner Bros. Records. Give It Up er ei blanding av forskjellige sjangrar, som folk, blues, R&B og softrock. Sju av ti spor på albumet er coverversjonar og songane er anten rolege, sentimentale balladar eller kjappe folkrocksongar.[1][2] Tekstane på Give It Up baserer seg på feminiteten til Raitt, forholda hennar og korleis ho er komfortabel med seg sjølv.[2] Raitt spelte inn albumet i Bearsville Studios med produsenten Michael Cuscuna.
Give It Up var det første albumet til Raitt som gjekk inn på Billboard Top LPs & Tapes-lista, der det nådde 138. plassen. Plata fekk god kritikk då det kom ut og dei rosa både vokalen og den musikalske dugleiken på albumet. Nyare meldingar har òg vore positive og somme kritikarar har kalla Give It Up eit album som står fram i diskografien til Raitt. I 2012 rangerte Rolling Stone Give It Up på 495. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det var derimot ikkje med på den reviderte lista til Rolling Stone frå 2020.
Remove ads
Komposisjon
Give It Up vart spelt inn i juni 1972 i Bearsville Studios i New York med produsenten Michael Cuscuna.[3] Somme av dei kjappare songane er akkompagnerte av blåsarar, som vert spelt i New Orleans brassband-stil. Denne stilen kan ein høyre på opningssporet «Give It Up or Let Me Go». Han byrjar med ein akustisk gitar, men glir så over til eksplosive lyden av brassbandet, som minner om Dixieland-musikk.[1] Det er mange gjestemusikarar på Give It Up, dei fleste frå området kring Woodstock i New York. Blant desse var den framtidige politikaren John Hall, multi-instrumentalisten Freebo og bluessongaren Paul Butterfield.[3] Totalt sett har Give It Up ein glattare og meir polert lyd enn føregangaren Bonnie Raitt.[3]
Raitt skreiv tre songar for albumet.[4] Dei andre sju songane er coversongar av musikarar som Chris Smither, Jackson Browne og Joel Zoss.[2][5] I følgje biografiforfattaren Mark Bego høyrest Raitt meir sjølvsikker ut når ho syng på dette albumet samanlikna med debutplata.[3] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv: «Raitt kan vere jordnær og sexy, men ho balanserer med ein innbydande sensualitet som gjer at plata skin».[6] Raitt sjølv kritiserte seinare vokalen og sa: «Eg høyrest ut som Mikke Mus!»[7]
Remove ads
Utgjeving og mottaking
Give It Up kom ut i september 1972 på Warner Bros. Records.[6] Det selde forholdsvis godt og var det første albumet til Raitt som gjekk inn på Billboard Top LPs & Tapes-lista, der det nådde 138. plassen.[7][11] Det selde til gullplate i USA i 1985 for 500 000 selde eksemplar.[12] Songen «Too Long at the Fair» vart sendt til radiostasjonar, men gjekk ikkje inn på nokre av musikklistene.[13]
Give It Up fekk positive meldingar då det kom ut. Ein kritikar for magasinet Billboard skreiv: «Bonnie Raitt er her med det andre albumet sitt for selskapet og det bør bli eit stort etit. Den unike vokalen og gitarstilen hennar på 'Stayed [sic] Too Long at the Fair' og tittelsporet bør gjere salet godt.»[14] Record World skildra Give It Up som «eit eksepsjonelt forsøk. Songutvalet, frå dei sjølvskrivne songane til ein fantastisk Jackson Browne-melodi, er glimrande og musikaliteten og produksjonen kunne knapt vore betre.»[15] Rolling Stone-kritikaren Jon Landau rosa òg albumet og skreiv at «det beste med Bonnie Raitt er synginga hennar, og det beste med Give It Up er at ho syng flott frå start til slutt, og med det handterer ho med suksess langt fleire stilartar enn ho hadde på det første albumet sitt og har produsert ei meir interessant og tilfredsstillande plate i prosessen.» Landau trekte fram dei tre originale songane og kalla «Love Has no Pride» den perfekte oppsummeringa av den musikalske dugleiken til Raitt.[16]
Seinare meldingar har òg vore positive. I The New Rolling Stone Record Guide skriv kritikaren Bart Testa: «Give It Up er nærast å perfeksjonere tilnærminga hennar. Ho blandar bluessongane sine med eit utval av moderne og folk-baserte songar, og kjem med klassikarar som 'Been Too Long at the Fair' og Eric Kaz sin 'Love Has No Pride'.»[10] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv korleis songarar som Sheryl Crow og Shelby Lynne truleg var inspirerte av Give It Up, og skildra det som «ei av dei beste Southern California-platene.»[6] I ei melding for Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981), roste Robert Christgau modenheita og intelligensen til Raitt i både spelestilen og i tekstane hennar.[8] Christgau rangerte seinare Give It Up på 31. plassen på lista si over dei beste albuma frå 1970-åra.[17]
I 2012 rangerte Rolling Stone Give It Up på 495. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene og kalla det «herleg, folk-aktig blues».[18] Albumet var ikkje med på lista deira over dei 500 beste albuma i 2020.
Remove ads
Innhald
Medverkande
Frå plateomslaget.[19]
Musikarar
|
Produksjon
|
Remove ads
Salslister og salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads