The Angry Young Them

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Angry Young Them er debutalbumet til den nordirske rhythm and blues-gruppa Them. Albumet kom ut i Storbritannia i juni 1965. Songaren og låtskrivaren i bandet var Van Morrison. I USA vart albumet gjeve ut som Them med eit litt anna innhald.

Meir informasjon Them-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Plateomslag

Som med fleire Decca-utgjevingar i denne tida var ikkje namnet på gruppa på framsida og på baksida av albumet vart dei introdusert som The Angry Young Them med eit essay som sa: «Desse fem unge rebellane er skandaløst oppriktige med seg sjølv. Trassig! Sinte! Triste! Dei er så ærlege dei er på grensa til fornærmande!»

Utjgeving

Seks av songane på på albumet var skrivne av Morrison, inkludert den kjende garasjeband-hymnen «Gloria». Ein annan song på albumet, «Mystic Eyes» kom til spontant då bandet «spelte kring på gata» i følgje Morrison sjølv, og etter sju minuttar med berre musikk kasta han impulsivt inn teksten til ein song han hadde arbeidd på. Dei lange versjonane av «Gloria» som bandet framførte på Maritime og den ti minuttar lange versjonen av «Mystic Eyes» har aldri blitt gjevne ut. Alt som er attende av framføringa av «Mystic Eyes» er litt over to og eit halvt minutt på albumet. «You Just Can't Win» var ein Dylan-inspirert song om ein gullgravar, sett spesifikke stader i London som Camden Town. «Little Girl» handla om ein gut som var besett av ei fjorten år gammal skulejente. «If You And I Could Be As Two» byrjar med ein talt introduksjon av Morrison med ein aggressiv irsk aksen. Tre songar av Bert Berns kom med i tillegg til ein versjon av John Lee Hooker sin «Don't Look Back», som vert rekna som den beste vokalprestasjonen til Morrison.[4]

Remove ads

Songar

Britisk versjon

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Nordamerikansk versjon

Meir informasjon Amerikansk Them-kronologi ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Them

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads