Gol i Hallingdal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gol er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gol kommune i Buskerud. Han er den største tettstaden i Hallingdal, med 3 343 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Gol ligg der riksveg 52 frå Hemsedal møter riksveg 7, som bind Geilo saman med Vikersund. Bygda er eit viktig handels-, teneste- og kommunikasjonssenter og har ein del turisme, med fleire butikkar og hotell.[1] På Gol er det grunnskule, Gol vidaregåande skule, Hallingdal folkehøgskule og Gol bygdemuseum, ein del av Hallingdal Museum. Gol stasjon er stoppestad for Bergensbanen. Gol kyrkje på Gol er ei langkyrkje i tre frå 1882. Gol stavkyrkje, ei stavkyrkje frå mellomalderen, vart i 1884 flytta til Norsk Folkemuseum i Oslo. Ein kopi av denne kyrkja, Gol nye stavkyrkje, er oppført i familieparken Gordarike på Gol.
Remove ads
Bilete frå Gol
- Gol stasjon
- Frå Gol bygdemuseum
- Gol nye stavkyrkje
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads