Green Light av Bonnie Raitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Green Light er det åttande studioalbumet til Bonnie Raitt, gjeve ut i 1982.
Raitt sa om albumet i 1982: «Det eg ønskte denne gongen var ein kombinasjon av musikken eg nyleg lytta til. Billy Burnette, The Blasters, Rockpile og rockabilly New Wave-miljøet. Eg visste eg måtte kome meg bort frå den glatte stilen eg hadde med Peter Asher-plata. Eg vart litt såra av mangelen på respons på The Glow. Og eg var skuffa over at eg ikkje klarte å lage ei plate som høyrtest ut slik eg ønskte at ho skulle høyrast ut. I studioet Shangri-la ønskte eg å gå tilbake til røtene og til funk-stilen på dei tidlege platene mine, sjølv om eg ikkje var veldig nøgd med korleis dei høyrtest ut heller. Dei høyrdest ut som eg hadde det mykje kjekkare enn eg faktisk hadde. Green Light er det første albumet eg faktisk syns det var moro å lage.»
Green Light fekk betre kritikk enn Raitt hadde fått på fleire år, og kritikaren Robert Christgau skreiv at «på The Glow nektar den noverande kvinnelege tolkaren å døy, og ho gjer ho det betre. Styrken på Green Light går for djup til å stige opp og gripe deg med ein gong, så du kan byrje med 'Me and the Boys'.»
I følgje Raitt kom den meir hardrocka stilen på albumet overraskande på kollegaene hennar.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Bonnie Raitt – solovokal, gitar, slidegitar, korvokal (6, 7, 8)
- The Bump Band
- Ian «Mac» McLagan – klaverinstrument
- Johnny Lee Schell – gitar, korvokal (1, 6, 7, 8), orgel (2), autoharpe (8), perkusjon (9)
- Ray Ohara – bass
- Ricky Fataar – trommer, perkusjon, korvokal (1)
med:
- Jackson Browne – korvokal (1)
- Melanie Rosales – korvokal (1)
- Richard Manuel – harmonivokal (2)
- Vince Gill – korvokal (7)
- Steve Raitt – korvokal (8)
- William D. «Smitty» Smith – orgel (5)
- Rick Vito – ekstra gitar (1, 8, 9, 10)
- Mac James – ekstra gitar (8)
- Rob Fraboni – perkusjon (3)
- David Woodford – saksofon (1, 3, 9)
Remove ads
Produksjon
- Produsent – Rob Fraboni
- Lydteknikar – Tim Kramer
- Ekstra lydteknikar – Terry Becker
- Assisterande lydteknikar – Thom Yuill
- Opphavleg mastra av Mike Reese i The Mastering Lab (Los Angeles, CA).
- Oversyn med ommastring – Ed Cherney
- Ommastring – Keith Blake og Gregg Geller
- Prosjektkoordinator – Jo Motta
- Kunstnarisk leiar – Tim Ritchie
- Design – Mac James
- Fotografi – John Livzey
- Management – Jeffrey Hersh og Dick Waterman
Salslister
Album - Billboard (Amerika)
Singlar - Billboard (Amerika)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads