Peter Asher

britisk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Peter Asher
Remove ads

Peter L. Asher CBE (fødd 22. juni 1944) er ein britisk gitarist, songar, manager og plateprodusent. Han vart først kjend i 1960-åra som medlem av popduoen Peter and Gordon, før han fekk ein suksessrik karriere som manager og plateprodusent. Han var bror til Jane Asher, som lenge var kjæraste med Paul McCartney.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Medan han gjekk på Westminster School for Boys møtte han skulekameraten Gordon Waller, og i lag byrja dei å spele som ein duo. Sidan Asher hadde ein tilknyting til the Beatles gjennom systera, fekk han og Waller ofte lov å spele Lennon-McCartney-songar som ikkje var spelt inn enno, mellom anna den første og største hitten deira, «World Without Love» i 1964.

Etter at Peter & Gordon vart oppløyst i 1968, fekk Asher stillinga som A&R-direktør i Apple Records, som Beatles hadde starta. Der signerte han kontrakt med den då ukjende James Taylor og produserte debutalbumet hans. Albumet vart ikkje ein suksess, men Asher heldt fast på at Taylor hadde stort potensial, og sa opp jobben i Apple for å bli med Taylor til USA som manageren hans. Partnarskapen deira varte i fleire tiår. Han var òg ein av dei som skapte den avdempa rockestilen frå California i 1970-åra, og produserte album for Linda Ronstadt, J.D. Souther, Andrew Gold og Bonnie Raitt. I tiåret som følgde produserte Asher alt frå Cher til 10,000 Maniacs.

Remove ads

Diskografi

Som artist

Alt av Peter and Gordon om det ikkje står noko anna.

Meir informasjon År, Album ...

Som produsent

Meir informasjon År, Album ...

Som leiande produsent

Meir informasjon År, Album ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads