Grito
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Grito» (norsk omsetjing ‘rop’) er ein song frå 2024 som blir framført av den portugisiske songaren og låtskrivaren Iolanda[3]. Songen er komponert av Iolanda sjølv, saman med Alberto «Luar» Hernández. Songen vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2024 og var det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024.
Remove ads
Om songen
«Grito» er skriven av Iolanda Costa, kjend under artistnamnet Iolanda. Ho skreiv songen saman med Alberto Hernández.[4]
«Grito» var ein av deltakerlåtane i den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2024, der vinnaren fekk representere Portugal i Eurovision Song Contest 2024. Songen blei stadfesta som deltakar 18. januar 2024 og gjeve ut på den offisielle YouTube-kanalen til Festival da Canção saman med dei andre bidraga.[5]
«Grito» deltok i den fyrste semifinalen av Festival da Canção 2024 24. februar 2024 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. mars samme år. Songen vann deretter finalen etter å ha vunne juryavrøystinga og komme på andreplass i telefonavrøystinga.[6] Gjennom sigeren fekk låten representere Portugal i Eurovision Song Contest.[7]
Eurovision Song Contest
Portugal deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö.[8] Der enda «Grito» på ein åttandeplass i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[9][10] I finalen fekk låten 152 poeng og blei nummer 10 av 25 finalistar.[11]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads