Iolanda Costa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Iolanda Costa
Remove ads

Iolanda Costa (fødd 4. november 1994 i Figueira da Foz), kjend mononymt som Iolanda, er ein portugisisk songar og låtskrivar. Ho ble kjend for si deltaking i den fyrste sesongen av programmet Uma canção para ti i 2008. Costa representerte Portugal i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Grito».

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Costa blei fødd den 4. november 1994 i Figueira da Foz, men flytta til Pombal som barn. Frå ein tidlig alder viste ho en stor lidenskap for musikk, og hennar kall gjekk ikkje umerka hen hos foreldra, som sende ho for å studere musikk ved Tecnimúsica, ein skule i Pombal, og seinare ved konservatoriet. Som 17-åring flytta ho til Lisboa der ho blei uteksaminert i kommunikasjonsvitskap frå ISCSP. Ho prøvde å opptre på barar og i nasjonale talenttevlingar som ein inngangsport, og flytta deretter til London, der ho studerte låtskriving ved BIMM University.[1][2]

Remove ads

Karriere

I ein alder av 14, deltok Iolanda i den fyrste utgåva av talentprogrammet Uma canção para ti, sendt på TVI i desember 2008, men blei eliminert i det andre gallashowet, og klarte dimed ikkje å nå finalen. I 2012, i ein alder av 17, prøvde ho lykka igjen på eit TV-program, denne gongen i den femte sesongen av Ídolos, den portugisiske utgåva av Idol, men nådde ikkje direktesendingane.[3]

Thumb
Iolanda på scena under Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

I 2014 gjekk Iolanda på scena for blind audition i den andre sesongen av The Voice Portugal, på RTP1, men hennar framføring av «Who You Are», av Jessie J, klarte ikkje å imponere nokon av dei fire mentorane.[4] I 2022 deltok ho i Festival da Canção, den portugisiske uttakinga til Eurovision Song Contest, som medforfattar og medkomponist av songen «Mar no fim», framført av artisten Blacci.[5] I 2023 gav Iolanda ut sin fyrste EP, med tittelen Cura, som ho skreiv under koronapandemien.[6][7][8]

I 2024 blei Iolanda vald ut til å delta i Festival da Canção 2024 med songen «Grito». Laurdag 24. februar 2024 sikra ho seg plass i finalen ved å vinne semifinalen,[9] og til slutt å vinne festivalen. Som følgje av sigeren i Festival da Canção, fekk ho retten til å representere Portugal i Eurovision Song Contest 2024.[10] Den 29. mars 2024 gav flere deltakarar, inkludert Iolanda, ut ei felles fråsegn der dei bad om «ei umiddelbar og varig våpenkvile» i Gaza, og «trygg retur av alle gislar».[11]

Portugal blei trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai. I semifinalen enda Iolanda på åttandeplass av 16 bidrag, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda ho på tiandeplass, av 25 bidrag, med 152 poeng.[12][13]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads