Mönch
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mönch (tysk for "munk") er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Saman med Eiger og Jungfrau dannar det eit fjellpanorama som lokalt går under namnet Dreigestirn (omtrent «trippelstjerna»), lett gjenkjenneleg frå langt borte.
Remove ads
Mönch ligg på grensa mellom kantonane Valais og Bern, og er del av ei fjellrekke mellom Jungfrau og Jungfraujoch i vest til Eiger i aust. Fjellet ligg vest for Mönchsjoch (eit 3650 m høgt skar) og Mönchsjoch-hytta. Det ligg nord om Jungfraufirn og Ewigschneefäld, to tverbrear til Aletschgletscher. Nordveggen av Mönch reiser seg bratt opp frå dalen Lauterbrunnen.
Remove ads
Fjelltoppen vart klatra fyrste gong 15. august 1857 av Christian Almer, Christian Kaufmann, Ulrich Kaufmann og Sigismund Porges.
Gjennom fjellet går jarnbanetunnelen Jungfraubahn, i ei høgde på 3300 meter over havnivå.
Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Mönch» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff


Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads